Koronatesting Gol: Testinga gjekk føre seg i bilane måndag morgon. Fleire elevar ved Gol skule sit førebels i karantene og har heimeundervisning.

Ny positiv test i Gol - testar avdeling i barnehage måndag

Sundag fekk Gol sitt 10. smittetilfelle på to veker.

Ifølgje kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam gjer det positive prøvesvaret sundag at ei avdeling ved ein barnehage i kommuenen må i karantene.

– Me planlegg testing av ungane måndag, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Husstandsmedlemmar av barna er i ventekarantene til me har fått svar på dei prøvane. Dette gjeld dei som ikkje har beskyttelse gjennom vaksinasjon eller at dei har hatt koronaviruset dei siste 12 månadene.

Les også
22 smitta på 10 dagar: - Mange ukjende smittevegar

Laurdag fekk Gol bekrefta smitte som gjorde at både barnehageavdelinga og to skuleklassar ved Gol skule vart sett i karantene.

– Ventekarantene på dei to klassane er no oppheva. Det er ikkje behov for vidare tiltak for dei, seier Thurainayagam.

Totalt er 39 personar smitta i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 39 smitta fordeler seg slik:

Gol: 10

Ål: 24

Hemsedal: 1

Hol: 2

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen: 2

Les også
Ny person smitta i Nesbyen: - Me er i beredskap
Les også
Ål går over til gult nivå i skule og barnehage etter smitteutbrot