Jan Otto Myrseth blir ny biskop i Tunsberg bispedømme.
Jan Otto Myrseth blir ny biskop i Tunsberg bispedømme.

Ny biskop i Tunsberg bispedømme

Jan Otto Myrseth blir ny biskop i Tunsberg bispedømme.

Det vart avgjort på Kyrkjerådets møte i Tønsberg i går, onsdag.

Myrseth forlèt stillinga som domprost i Bergen. Han overtek som biskop etter Per Arne Dahl som har avskjedsgudsteneste i Tønsberg domkirke sundag 17. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gratulerer Jan Otto Myrseth som ny biskop og me gratulerer Tunsberg bispedømme og Den norske kyrkja med ny biskop. Myrseth har eit breitt votum i ryggen. Han er sterkt ynskt som biskop, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum etter tilsettinga.

– Eg er audmjuk og takknemleg for tilliten som er vist meg. Eg gleder meg til å ta fatt som biskop i Tunsberg, seier Jan Otto Myrseth i ei kort pressemelding.

Myrseth er 61 år og kjem frå Sykkylven på Sunnmøre. Han tok teologisk embetseksamen i 1988.

Myrseth har tidlegare jobba som prost i Ringerike. Han har vore sjukehusprest på Ringerike og sokneprest i Norderhov. Han har også arbeidd som lærer i homiletikk ved Menighetsfakultetet og som timelærer i det nye testamentet ved Bibelskolen i Oslo..

Etter avstemmingsrundanee i vår stod det att tre biskopkandidater: Kjetil Haga, domprost i Tønsberg, Jan Otto Myrseth, domprost i Bergen og Øystein Magelssen, generalsekretær i Norges KFUK-KFUM. Magelssen var også i fleire år sokneprest i Ål og prost i Hallingdal.