I desember får Nore og Uvdal kommune og naboane i Rollag og Flesberg svar på om det er grunnlag for å slå seg saman. (Arkivfoto)
I desember får Nore og Uvdal kommune og naboane i Rollag og Flesberg svar på om det er grunnlag for å slå seg saman. (Arkivfoto)

Numedølene går til ekspertane

Numedølene har leigd Telemarksforsking til å kartleggje om det er stemning og grunnlag for å slå saman dei tre kommunane. Forstudien er ferdig i desember.

Kommunesamanslåing er tema over heile landet etter at kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og regjeringa varsla kommunereform og nytt kommunekart.

Målet til regjeringa er å slå saman redusere talet på kommunar frå 428 til rundt 100 for å hauste stordriftsfordelar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motstand og skepsis

Forslaget om kommunesamanslåing har møtt motstand og skepsis, spesielt i Distrikts-Norge og småkommunar med store geografiske avstandar.

Regjeringa brukar både lokkemat og truslar for å få kommunane til å slå seg saman. Men slagordet «vil du ikkje, så skal du» er ris bak spegelen.

Kommunar har fått i oppdrag å starte sonderingar, både internt og saman med naboane, for å finne fordelar og ulemper og korleis stemninga.

Sonderinga blir gjort på ulike vis. Hallingane hadde kommunesamanslåing som tema under Hallingtinget nyleg og jobbar internt.

Leigd ekstern hjelp

Numedølene har valt ein annan framgangsmåte. Dei sette kommunesamanslåing på felles dagsorden for over eitt år sidan.

I juni vedtok kommunestyra i Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg å engasjere Telemarksforsking til å laga ein forstudie om kommunesamanslåing. Prisen er 381.600 kroner pluss meirverdiavgift.

– Forstudien skal avklare om det er grunnlag for å gå vidare med å slå saman dei tre kommunane i Numedal og kartleggje konsekvensane. Forstudien er klar i midten av desember, seier Bent Aslak Brandtzæg i Telemarksforsking som har oppdraget på vegner av dei numedalskommunane.

Intervju og spørjeskjema

Brandtzæg opplyser at arbeidet med forstudien er i sluttfasen og blir lagt fram i midten av desember.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis foregår kartlegginga?

– Forstudien blir laga på bakgrunn av spørjeundersøkingar og intervju av sentrale politikarar og i kommuneadministrasjonen. I tillegg brukar me statistikk.

– Korleis er stemninga for kommunesamanslåing i Numedal?

– Det er ulike synspunkt. Men eg vil vente med å koma med vurderingar og tilråding til forstudien er lagt fram for styringsgruppa og forstudien blir offentleggjort, seier Brandtzæg.

6500 innbyggjarar

Han opplyser at det er fleire regionar som brukar ekstern hjelp til å kartleggje grunnlaget for kommunesamanslåing.

Når forstudien er klar skal kommunestyra avgjera om det er grunnlag for å gå vidare med ein forstudie om kommunesamanslåing i Numedal.

I Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg er det til saman 6500 innbyggjarar.