Vintersportsstadene Geilo, Hemsedal, Trysil og Hafjell drog på 90-talet i gang det som vart til Norske Fjell AS. No jobbar selskapet også med å jobbe fram ei skisse til eit utvida samarbeid om sommarturisme. Det kan blant anna bety meir trykk på sykkel på Geilo i framtida.
Vintersportsstadene Geilo, Hemsedal, Trysil og Hafjell drog på 90-talet i gang det som vart til Norske Fjell AS. No jobbar selskapet også med å jobbe fram ei skisse til eit utvida samarbeid om sommarturisme. Det kan blant anna bety meir trykk på sykkel på Geilo i framtida.

Norske Fjell set seg i førarsetet

Det blir ingen ny reiselivsorganisering med statshjelp. Regjeringa overlet til reiselivet å vidareutvikle det dei alt har.

Reiselivsnæringa ser ikkje nødvendigvis på kursendringa som negativ.

– Me set oss i førarsetet og vil gjerne vidareutvikle det me alt har, seier Birgit Haugen. Ho er dagleg leiar i Geiloliaselskapene og styremedlem i Norske Fjell AS, eit marknadssamarbeid som dei fire største alpinanlegga gjekk saman om midt på 1990-talet. I dag er dei vel 20 aksjonærar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeidet har vesentleg handla om vinterkampanjer mot utanlandske turistar. No blir det arbeidd med å bygge opp ein tilsvarande modell for ei meir offensiv satsing også på sommarturisme.

For mykje «orging»

Det er lite hjelp å hente frå staten. Næringa må sjølv legge dei nødvendige kronene på bordet. Til gjengjeld skal det ikkje bli mykje byråkrati. Pengane skal gå til salsarbeid, seier Haugen.

– Prosessen vidare vil vise kven som vil finansiere dette og kva ein bør satse på, legg ho til.

Birgit Haugen.
Birgit Haugen.

Vintersportsstaden Geilo har satsa på sommaraktivitetar som sykling og klatrepark dei siste åra. Til no har det vore berre ein forsiktig vekst i besøket, men dersom slike attraksjonar og tema som sykling og vandring blir marknadsført i utlandet er håpet langt større vekst.

Haugen meiner det har vore brukt for mykje energi, ressursar og tid på organisering og for lite på marknadsføring og sal. Slik sett er ho glad for at næringa no får setje kursen sjølv.

Skifte med ny regjering

Det var den raud-grøne regjeringa som sette i gang prosessen med ny organisering av reiselivet i Norge. Gulrota for å få næringa med på ei effektivisering var statsmidlar til sjølve omorganiseringa.

I staden for mange små og store destinasjonsselskap ville dei ha ein meir straumlinjeforma organisasjon, med store og kompetente landsdelsselskap.

For Hallingdal og fleire andre fjellregionar var det tale om å etablere ein felles paraply – FjellNorge. Under der skulle ein ideelt sett hatt eitt reiselivsselskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at statsråd Monica Mæland (H) overtok stafettpinnen er det blitt ei kraftig kursendring frå toppen. FjellNorge, slik det var tenkt, blir det ikkje noko av.

Gir reiselivet ansvaret

Det som skjer er på mange måtar det motsette av debatten om kommunesamanslåingar. Der dei raud-grøne ville la kommune avgjere organisering sjølv, vil Frp-Høgre i regjering avgjere sentralt.

Der dei raud-grøne ville omorganisere reiselivet frå sentralt hald, vil Frp-Høgre la næringa bestemme ute i feltet.

Dei siste føringane for organisering av framtidas reiseliv er:

n Reiselivsnæringa må sjølv ønskje ein strukturprosess.

n Reiselivsnæringa må sjølv ta ansvar for at prosessen blir gjennomført.

n Staten vil ikkje finansiere dette med nye kroner.

Me set oss i førarsetet og vil gjerne vidareutvikle det me alt har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Birgit Haugen