Eirin Venås og Åshild Støyten syklar i sommar Norge på langs.
Eirin Venås og Åshild Støyten syklar i sommar Norge på langs.

Norge på langs med humøret på topp

Hemsedølene Eirin Venås og Åshild Støyten syklar denne sommaren Norge på langs med mottoet «det ordnar seg».

Mange har nok sett dei to hemsedølene som susar nedover landet denne sommaren. På bagasjebrettet har dei festa ein litt for tung radio som ropar ut P3-sendingar. Dei to jentene syng og gaular med musikken. Jentene heiter Eirin Venås og Åshild Støyten, og dei er på sykkelferie gjennom heile landet.

– Det var vore fantastisk fint og me har helsa på utruleg mange fine folk, fortel Åshild Støyten på telefon frå Bergen. Det er dag 27 på sykkelsetet, berre fire dagar før jentene fullfører turen på Lindesnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banka på dører til framande

– Eg har blitt så overraska over kor mange folk som har hjelpe oss på turen. Ein mann bad oss om å ringe han då me nærma oss ein tunnel det ikkje er lov å sykle gjennom, han skulle koma og køyre oss gjennom, fortel Eirin Venås. Ruta frå Nordkapp, gjennom Lyngen, innom Lofoten, ned Helgelandskysten, forbi Namsos, Molde, nedover Vestlandet og til slutt Lindesnes, var planlagt før avreise. Men det har blitt gjort små endringar på undervegs. Dei er begge einige i at Norge er endå finare enn dei fyrst hadde trudd, og at alle plassar har sin sjarm. Ingen av dei har hatt med telt, så overnattingane har dei gjort hjå vener og kjenningar, på tre campingplassar, ein låve og heime hjå folk dei ikkje kjenner.

– Me har banka på døra til folk og spurt om å få sova der. Mange har opna dørene sine for oss og stelt i stand kveldsmat og kakao. Særleg i Nord Norge var dei veldig opne og trivelege, fortel jentene.

Ein sykkeltur før start

Heile turen var ganske spontan. «Me skal ikkje berre sykle på langs, da?» hadde Eirin spurt. «Ja», svarte Åshild, og plutseleg hadde dei kjøpt ein einvegsbillett til Honningsvåg. Førebuingane var små og få, og den einaste sykkelturen før avreise var ein kort tur opp mot Hemsedalsfjellet. Dei ville ikkje gå lei syklinga før dei starta. Heldigvis er dei aktive jenter.

Eirin Venås og Åshild Støyten har laga instagramdagbok frå sykkelturen deira.

– Eg trur ikkje me skjønte kor langt det var. Eigentleg trur eg me framleis ikkje heilt skjønar det, flirer Eirin.

– Men me har tatt dag for dag og mil for mil, ikkje stressa, og tenkt at det ordnar seg uansett om me ikkje heilt veit kor me skal sove, legg Åshild til.

Insta-dagbok

Turen er nøye dokumentert under Instagramkontoen Visyklernorgepaalangs. Kvar dag har dei lagt ut eit bilete og tekst om dagens etappe.

– Det har vore ein fin måte å oppdatere venner og familie på, og ei slags dagbok for oss, fortel Eirin. For dei har mykje å fortelje desse jentene frå Hemsedal. Praten går i eitt, dei fullfører kvarandres setningar og har ikkje nok ord over alt det fine dei har sett.

– Det er noko heilt spesielt med å sykle. Ein ser så mykje meir, ja inn i hagane til folk, og ein kjenner lukter. Nokon av dei me har budd hjå har tatt oss med på ein guida tur på heimplassen sin, men veit du – det går så innmari fort med bil etter fleire dagar på sykkel at det er heilt skummelt, fortel dei om kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og rumpa? Korleis går det med den? spør eg.

– Du, den smør me inn kvar morgon og kveld. Me har høyrd at får ein gnagsår eller blemmer, er det over og ut, så me passar på. Og så må me berre lette litt på rumpa innimellom, flirer dei.