Noa på 13 år fekk hard medfart av flammane. No ligg han på Haukeland sjukehus i Bergen og får behandling for brannskadane.

Noa (13) fekk store brannskader etter eksplosjon - no vil han åtvare andre

«Dette er Noa. Ein 13-årig snill, omtenksam, tøff, nysgjerrig og livsglad gut. Han ønsker å dele si oppleving med dykk i håp om at det kan hindre andre gutar og jenter å skade seg slik han har gjort».

Slik innleiar mor Wendy Milla Flindt Haugstad Facebook-posten som no er delt over 2000 gonger.

Kjøpte hårspray

Wendy og mannen Nils Ragnar bur på Gol. Fredag ettermiddag delte dei historia om sonen sitt uhell. Der fortel dei at Noa saman med 4-5 kompisar tidlegare i veka hadde reist på butikken for å kjøpe hårspray.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Dette i seg sjølv er jo greitt. Men gutar er gutar, og dei fann på å tenne eit lite bål for å teste kor stor eksplosjon dei kunne få ved å legge boksane rett på bålet», skriv mor Wendy på Facebook.

Brannskade: Noa på 13 år fekk andre- og tredjegrads forbrenning etter hendinga med sprayboksen.

Men det endte fatalt. Gutane sette ein boks på bålet, og Noa stod nære. Det tok litt tid før noko skjedde, så han valde å spraye med ein anna boks, rett på bålet.

Då vart han nærmast slukt av flammar.

Gutane som var med fekk raskt tak i hjelp, og henta vatn for å tømme på kameraten.

«Dessverre var eit par sekunder i flammane nok til å endre livet til Noa», skriv Wendy.

Åtvarar andre

Turen gjekk til legekontoret på Gol, før eit helikopter frakta han til Ullevål sjukehus. Der vart han ifølgje mor lagt i respirator og skrubba ned, før han etterkvart vart sendt til Haukeland i Bergen.

No har Noa andre- og tredjegrads forbrenningar på 25 prosent av kroppen, skriv Wendy. Ho fortel at han fleire gonger mens han har vore vaken har nemnt at han vil dele historia med resten av verda, for å åtvare.

«Pappaen til Noa jobbar i brannvesenet, og han og Noa har hatt mange samtalar om dette og kor farleg det er. Uansett kor opplyste ungdommen er, er det ikkje alltid at sunn fornuft sigrar over nysgjerrigheit og dumme påfunn. Snakk med barna, vis dei video og bilete om dykk føler dei kan meistre å sjå skadane nokre få sekunder med berøring av flammar kan gjere», heiter det i Facebook-posten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mamma Wendy avrundar med å takke legar, sjukepleiarar, pilotar og ambulansepersonell som hjelpte til då ulykka skjedde.

«Me er takksam for jobben de gjer, ikkje berre for oss, men for alle som treng dykk», avrundar ho.