Rv52 mot Hemsedalsfjellet vart stengt i ettermiddag.
Rv52 mot Hemsedalsfjellet vart stengt i ettermiddag.

No er vegen open

Ein polsk trailer sperra vegen mot Hemsedalsfjellet i ettermiddag. Vegen opna att ved 16.30-tida.

Rv52 mot Hemsedalsfjellet har vore stengt sida i 13-tida sundag føremiddag. Ein trailer sperra vegbanen på grunn av «saks» på vogntoget. Ulykka skjedde ved Venås bru på Tuv. Ulykka skapte kø på båe sider og folk vart råda til å køyre Hol-Aurland.

Først ved 16.30-tida vart vogntoget rydda av vegen og trafikken kunne gå som normalt.