Det var mykje vatn i elva Hemsil fredag morgon.
Det var mykje vatn i elva Hemsil fredag morgon.

No er flaumfaren ekstrem

NVE hevar farenivået til raudt i Hallingdal.

Flaumfaren er ikkje over. Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, har auka farenivået til raudt. Varselet gjeld dei øvre delane av vassdraga i Hallingdal og Valdres, samt småelvene.

I mindre elver

Dei fryktar mykje vatn i småelevene, på grunn av kraftig snøsmelting og regn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flaumfare på raudt nivå blir vurdert som ekstremt og krev auka beredskap frå kommunar og Fylkesmannen. Farenivået ligg framleis på oransje nivå, det nest høgaste i dei fleste vassdraga, mens det er heva til raudt nivå i mindre elver.

Sjeldan

NVE oppmodar folk om å halde seg oppdatert om vêret og faren for flaum. Nettstaden varsom.no blir oppdatert jamleg. Det er lurt å flytte verdiar bort frå utsette område, og reinse stikkrenner.

Det er sjeldan farenivået er sett til raudt, som regler går det meir enn 50 år mellom kvar gong.

Slik var situasjonen i Nes fredag ettermiddag. Biletet er teke frå austsida, ved tidlegare Østenfor hotell.
Slik var situasjonen i Nes fredag ettermiddag. Biletet er teke frå austsida, ved tidlegare Østenfor hotell.
Markensplassen i Nesbyen fredag føremiddag.
Markensplassen i Nesbyen fredag føremiddag.

– Ein slik ekstrem situasjon skjer svært sjeldan, og krev tett oppfølging, melder NVE.

Flaumtoppen er venta i helga.

SJÅ BILETE FRÅ FLAUMEN.

Stig framleis

Vatnet stig også i Krøderen. Klokka 11 fredag vart vass-standen i Krøderen målt til 134,53.

Ein har dermed passert nivået for femårsflaum med god margin, som er 134,33.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein vasstand på 134,63 er rekna som tiårsflaum, mens femtiårsflaum er 135,23, ifølgje NVE.