Snøskred i Hemsedalsfjellet.
Snøskred i Hemsedalsfjellet.

No aukar faren for snøskred

Snøskredfaren aukar i takt med vinden.

Den siste tida har det kome mykje snø i delar av Hallingdal. Det ligg difor masse snø i terrenget som vinden kan føre med seg. Tysdag ettermiddag er det meldt vind. Dette vil føre med seg mykje fokksnø i lesidene. Det vil kunne påverke dei svake laga lenger nede i det gamle snødekket og auke faren for skred.

I områda sør for Vavatn i Hemsedal til dømes kunne ein i helga høyre drønn i snøen. Dette er signal om at svake lag i snødekket kollapsar. Og om det er bratt nok kan desse losne som skred. Drønnelydar og skytande sprekkar er tydelege teikn som betyr at ein påverkar svake lag og bør unngå skredterreng, men terrenget er ikkje nødvendigvis trygt om det er heit stille i snøen også, skriv snøskredvarslinga på nettstaden varsom.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skredfaren frå tysdag er venta bli faregrad 3 – vesentleg.