NM: Gol klart best av hallinglaga

Det var ingen tvil i NM-stafetten i Meråker sundag. Gol har det beste langrennslaget i Hallingdal.

Trioen Emil Intelhus Brøto, Pål Golberg og Knut Skrindo gjekk Gol inn til ein flott 12.plass.

Lyn best

Det var Lyn som vann herrestafetten på 3 x 10 km, ganske så suverent. Simen Hegstad Krüger gjekk ut på sisteetappen likt med Voss, men rykte straks ifrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Voss sleit på sisteetappen. I staden var det Byåsen, Lyn og Asker som kjempa om medaljane. Johannes Høsflot Klæbo låg i tet i innspurten, men gjekk over ende og tapte med det medaljen. Sølvet gjekk til Lyn, bronsen til Asker. Byåsen tok fjerde.

På Lyn sitt vinnarlag gjekk Johan Tjelle, Hans Christer Holund og Simen Hegstad Krüger.

Klart best

Den lokale kampen stod mellom Gol, Bromma og Hemsedal. Og av desse var det Gol som var klart sterkast. Emil Intelhus Brøto gjekk fyrste etappe, Pål Golberg andre. Han gjekk laget opp på 12. plass, 1 minutt og 28 sekund etter teten.

Knut Skrindo gjekk ankeretappen for Gol og heldt posisjonen til mål. Det vart 12.-plass.

Bromma følgde etter på 21.-plass. På dette laget gjekk Vegard Myklemyr, Kristen Mikkelsplass og Bjørnar Stensrud Tyribakken.

Hemsedal vart nummer 35. Her gjekk Trym Halbjørhus Fikke, Kasper Andersson Herland og Sevat Mestvedthagen.

Ingen kvinnelag

I kvinneklassen stilde ingen lag frå Hallingdal. Kvinnestafetten vart vunnen av Oppdal før Nes og Heming.

På vinnarlaget til Oppdal gjekk tre søsken: Silje Slind, Astrid Øyre Slind og Kari Slind.