Ingen vart kritisk skadd då ni personar var involvert i ein kollisjon ved Hivjufossen på Fv50 i Hol torsdag kveld.
Ingen vart kritisk skadd då ni personar var involvert i ein kollisjon ved Hivjufossen på Fv50 i Hol torsdag kveld.

Ni turistar i kollisjon

Til saman ni personar var involvert då ein personbil kolliderte med ein bubil ved Hivjufossen i Hol torsdag kveld.

Ulykka skjedde på fylkesveg 50 ved Hivjufossen i 1930-tida torsdag. Dei første meldingane til politiet fortalde at begge bilane hadde hamna på taket, at ni personar var involvert, men at ingen var kritisk skadde.

Bubilen var franskregistrert, og låg på taket delvis ut i elva. Frå denne vart tre barn, i alderen 5–11 år, og to vaksne i 40-åra, frakta til legevakt på Ål med taxi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Personbilen var registrert i Italia. Dei fire i denne var alle i 20-åra. Dei vart køyrd til legevakt i ambulanse.

NRK melde like før midnatt at sju av ni var friskmeld, men at to framleis låg til observasjon.

Årsaka til ulykka skal ha vore at personbilen fekk skrens i ein sving før han trefte bubilen.

Vegen var stengd ei tid, men frå 20-tida vart eitt felt opna for passering. Meldingar kan tyde på at det var mykje vatn i vegbanen på tidspunktet ulykka skjedde. Om det kan ha vore medverkande er for tidleg å si.