Til saman er 38 påskegjestar transportert ut frå ti DNT-hytter på Hardangervidda. Krækkja er ein av dei.
Til saman er 38 påskegjestar transportert ut frå ti DNT-hytter på Hardangervidda. Krækkja er ein av dei.

Ni nye tilfelle av magesjau

Ytterlegare ni personar er blitt frakta ut med symptom på norovirus i løpet av måndag kveld og tysdag morgon.

I løpet av helga vart eit tredvetals sjuke skituristar frakta ut frå turisthytter på Hardangervidda. Tysdag føremiddag melde DNT om ni nye tilfelle av smittsam magesjau.

– Alle vert frakta ut umiddelbart som eit førebyggjande tiltak. Det som er positivt er at på dei fleste av hyttene der det fyrst vart registrert sjuke, har me no ikkje hatt fleire med omgangssjuke. Det visar at tiltaka fungerer, seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ti hytter er råka

Totalt er det no 38 tilfelle av omgangssjuke på ti DNT-hytter: Litlos, Sandhaug, Geiterygghytta, Rauhellern, Krækkja, Kalhovd, Mogen, Mårbu, Stivstuv og Middalsbu (sjølvbetjent). På fleire av desse hyttene er det berre registrert eitt enkelttilfelle, og fleire av hyttene har hatt berre friske gjestar sidan sundag, melder DNT.

– Rapportane frå gjestane på hyttene er at dei har det veldig fint. Dei opplever at dei får spørsmål frå folk utanfrå, som sit heime og ser dei dramatiske overskriftene, men her på vidda er det strålande påskevêr og fornøgde gjester, seier kommunikasjonsrådgjevar Monica Hägglund Langen i DNT, som er på Kalhovd turisthytte i Telemark.

Oppfordrar til god handhygiene

Symptom på norovirus er kvalme, oppkast og diaré. Sjukdomen er ifølgje Folkehelseinstituttet vanlegvis mild, og varar i éin til tre dagar hjå elles friske menneske. DNT oppmodar igjen om god handhygiene for å sikre ei god oppleving for alle på påskefjellet.

– Handvask med lunkent vatn og såpe er det mest verknadsfulle middelet for å få bukt med spreiinga av omgangssjuke. Me oppfordrar særleg menn til å passe på handhygienen, seier Wikborg.

– Kvifor oppfordrar de menn spesielt til å passe på handhygienen?

– Eg irriterer meg litt over at DNT har sett opp ein slik setning. Men dei meiner at det kan vera slik at menn ikkje er like flinke til å tenkje handvask, og ein oppfordrar difor spesielt menn til å vera ekstra flinke. Det er også ein del menn som har blitt smitta. Eg meiner at alle bør bruke god handhygiene med rennande vatn og såpe. Det er det tryggaste for alle, seier Wikborg til Hallingdølen.