God stemning før debatten. F.v. Sissel Urke (V), Solveig Vestenfor (Ap) og Ole Egil Trintrud (Sp).
God stemning før debatten. F.v. Sissel Urke (V), Solveig Vestenfor (Ap) og Ole Egil Trintrud (Sp).

Nett-TV: Sjå Ål-debatten her

I dag er det Ål-politikarane som debatterer i valstudio til Hallingdølen.

Kven blir ordførar i Ål den neste perioden? Blir det fire nye år for Solveig Vestenfor (Ap), eller kan Senterpartiets Ole Egil Trintrud gjera eit så godt val at han overtek ordførarkontoret?

Dette er eitt av spørsmåla me vil prøve å få svar på i dagens valsending som handlar om kommunevalet i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire kandidatar

Det er også to andre utfordrarar til ordførarjobben. Sissel Urke (V) og Jørund Li (H). Også dei er med i dagens debatt.

Sending kvar vekedag

Hallingdølen har åtte valsendingar fram mot kommune- og fylkestingsvalet 9. september. Kvar vekedag fram til 5. september sender me valduellar. Hol var fyrst ute, så følgjer Ål, Flå, Hemsedal, Gol, Nes, Nore og Uvdal og Viken.

Valsendingane ligg i etterkant tilgjengeleg på hallingdolen.no

Her ser du debatten frå Ål: