Ein reknar med at nær 1000 personar tok turen til Geilo for å syne motstand mot mobbing torsdag ettermiddag.
Ein reknar med at nær 1000 personar tok turen til Geilo for å syne motstand mot mobbing torsdag ettermiddag.

Nesten tusen i tog mot mobbing

– Med denne markeringa fortel me at det finst mobbing i kommunen vår, sa ordførar Tony Kjøl framfor nær tusen personar i Geilo sentrum.

– Å innrømme det er fyrste steg for å kunne gjere noko med det, la han til. Målet er null mobbing

Eit kilometer langt tog av sambygdingar i alle aldrar, med faklar i hendene som lyser opp desemberettermiddagen gir ei sterk samkjensle. Kampen mot mobbing betyr så mykje for både unge og gamle at dei valde å syne det for kvarandre denne torsdag ettermiddagen. Ei sterk markering som skal gje mot og tru på at det kan lykkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må ha tru på at me kan nå målet vårt om null mobbing i kommunen vår, oppmoda leiaren i hovudutval for kultur og oppvekst, Inger-Lise Blakstad.

Ho nytta også høve til å takke rektor Magne Berg for å ta initiativ til markeringa. Dei var alle overvelda over oppslutninga.

Ikkje nok

Fleire understreka at om at ein ikkje skulle tru ein hadde gjort jobben berre ved å stille i eit tog.

Serena Narvesen hadde ein sterk appell til dei frammøtte.
Serena Narvesen hadde ein sterk appell til dei frammøtte.
Magne Berg og kona Zoila Arias Nunez gjekk fremst i toget under markeringa.
Magne Berg og kona Zoila Arias Nunez gjekk fremst i toget under markeringa.
Nyinnflytta Sandra og Angelica Seland har tru på at kommunen meiner alvor med å få slutt på mobbing.
Nyinnflytta Sandra og Angelica Seland har tru på at kommunen meiner alvor med å få slutt på mobbing.

– Kampen mot mobbing skjer heile tida både i barnehage, skular og arbeidsplassane våre. Husk å seie «hei» til kvarandre, ikkje prat stygt om andre, det er så enkelt og så viktig, sa Kjøl i sin appell.

Stemningsfull musikk og song frå Eilif Gundersen, Guro Gauteplass og Emma Auve Ward sette ein flott ramme rundt appellane. Sterkast inntrykk gjorde kanskje Serena Narvesen som minte folk på at ein også måtte hugse mobbaren opp i alt dette.

– Kor vondt må ein ikkje ha det med seg sjølv, når ein kan oppfører seg slik mot andre. Me må hjelpe dei også, ikkje berre offeret, oppmoda ho.

Lovar bra

Sandra Seland og dottera Angelica var blant dei som stilte opp på markeringa. Dei er nyleg flytta til Geilo og set pris på tiltaket.

– Me hadde eit slik arrangement i kommunen me budde i før også. Der budde det over 50.000 – berre 100 dukka opp. Her bryr dei seg verkeleg, meiner Sandra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som så mange andre har Angelica nokre vonde minne frå skulen. Ho fortel at det ikkje er lett å få seg nye vener på ein ny plass, men at ho har det betre på skulen no.

– Det har ikkje vore lett, men det er mykje betre her. Dette gir tru på framtida, forklarer mor.

Kor er dei det gjeld?

– Kva så med alle som ikkje stilte opp?

– Ei slik markering, møter om mobbing og andre tiltak treffer kanskje ikkje alltid dei det gjeld, men eg trur likevel det er viktig for at me rundt dei vert endå betre og meir bevisste. Me kan alle bli betre til å sjå kvarandre. Slik kan me forhåpentlegvis få ei sakte endring i heile samfunnet. Dagens markering var nok viktigast for dei vaksne, meiner Kjøl.