Nora Glemmestad Stanes (f.v.), Marie Brenna Sundbrei, Kari Anita Brenna og Kjersti Glemmestad ringjer på dører i Petterbråten på Gol under årets TV-aksjon som går til Røde Kors.
Nora Glemmestad Stanes (f.v.), Marie Brenna Sundbrei, Kari Anita Brenna og Kjersti Glemmestad ringjer på dører i Petterbråten på Gol under årets TV-aksjon som går til Røde Kors.

Nesningane gav mest

Årets TV-aksjon viser at nordmenn ikkje er redde for å gi, og 219,8 millionar kroner vart samla inn for Røde Kors sitt arbeid.

Den summen åleine vil kunne gje over to millionar menneske livsviktig hjelp som blant anna reint vatn, mat og helsehjelp. Det er snakk om sivilbefolkninga i ni land som i ei årrekke har levd under krig og konflikt: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane vil også gå til å hjelpe flyktningar her i Norge.

Nes imponerte ikkje berre i Hallingdal, men også i Buskerud, med sine 86,69 kroner i gjennomsnitt per innbyggar. Av Hallingalkommunane kjem Hol på ein tredjeplass på fylkeslista, med 64,61 kroner i gjennomsnitt. Nestleiar i Nesbyen Røde Kors, Gerd Kristin Jorde, er veldig fornøgd med innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjempebra, og folk har verkeleg stått på. Det vart godt resultat frå skulen også, som samla inn 120.000. Så det er veldig fint, og ikkje minst veldig moro.

Men også ålingen Stein Torleif Bjella sørga for eit rikeleg tilskot til innsamlingsaksjonen, då han auksjonerte bort ein konsert. Eit konsulentfirma betalte 107.000. Det vart berre tilbodet om å ha morgonsending i eiga stove med Loven & CO frå Radio Norge, som passerte Bjella med eit bod på 170.000.

– Det er veldig gledeleg og ikkje minst overraskande. Eg er stolt over at nokon har budd så mykje, og eg veit at med pengane i Røde Kors sine hender så går dei til noko bra, seier Bjella.

Marie Brenna Sundbrei og Nora Glemmestad Stanes ringjer på hos Bjørnar Hallset som gir til årets TV-aksjon og Røde Kors. Kari Anita Brenna er moralsk støtte i bakgrunnen og sjåfør.
Marie Brenna Sundbrei og Nora Glemmestad Stanes ringjer på hos Bjørnar Hallset som gir til årets TV-aksjon og Røde Kors. Kari Anita Brenna er moralsk støtte i bakgrunnen og sjåfør.
Det var hektisk aktivitet i Sparebank 1 Hallingdal Valdres sine lokale på Gol like før bøssebærarane la i veg.
Det var hektisk aktivitet i Sparebank 1 Hallingdal Valdres sine lokale på Gol like før bøssebærarane la i veg.
Bøsseberar Signe Seterdal (6) i aksjon på Ål.
Bøsseberar Signe Seterdal (6) i aksjon på Ål.

Han understrekar at det ikkje har noko å seie for hans eigen marknadsverdi.

Totalt samla Hallingdal inn over 1,2 millionar kroner til årets TV-aksjon.

* Nore og Uvdal: 163.651

* Nes: 296.640

* Hol: 290.552

* Ål: 251.000

* Gol: 227.407

* Hemsedal: 125.541

* Flå: 65.079