Nattoga står fast og må snu - 480 passasjerar råka

Bergensbanen er stengt mellom Myrdal og Hallingskeid på grunn av eit godstog som har sperra sporet.

Konsekvensen er at nattoga frå aust og vest står fast i området. Det råkar til saman 480 passasjerar.

Bane Nor varsla torsdag morgon at ein snøfresar skulle køyre føre dei to toga over fjellet. Men at dette kan ta noko tid på grunn av vanskeleg vêrforhold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette viste seg å vera enklare sagt enn gjort.

– Me var i ferd med å brøyte over fjellet så nattoga skulle kunne kome seg over fjellet, men då dei kom til Hallingskeid såg dei snøraset og kom ikkje forbi. Så nattoga må snu, fortalde pressevakt Anne Kirkhusmo i Bane Nor til TV 2 litt etter klokka 08:30.

Toget som skulle til Bergen køyrer til Ål kor passasjerane går av for å få alternativ transport, mens toget som skulle til Oslo returnerer til Bergen.

Begge toga reiste klokka 23 onsdag og skulle vore framme klokka 06:30 torsdag.

– Me veit ikkje kor lang tid det vil ta før toga kan køyre som normalt att, opplyser Vy på sine nettsider.