Maiken Berntsen (f.h.) Ingun D. Bergheim og Inger Meyer ved skattekontoret i Gol fryktar for framtida til arbeidsplassen. Skatteetaten har foreslått å leggje ned kontoret. Ordførar Heidi Granli (t.v.) kjempar imot.
Maiken Berntsen (f.h.) Ingun D. Bergheim og Inger Meyer ved skattekontoret i Gol fryktar for framtida til arbeidsplassen. Skatteetaten har foreslått å leggje ned kontoret. Ordførar Heidi Granli (t.v.) kjempar imot.

Når ikkje fram til Siv

– Me får ikkje prate med dei som skal avgjere lagnaden til skattekontoret. Viss døra er stengt for landets ordførarar, kven lyttar dei til då?

Ordførar Heidi Granli er frustrert, men har ikkje gitt opp kampen.

– Før dei har bore pappeskene ut av skattekontoret i Gol, har eg ikkje tenkt å gje meg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil sentralisere skatteetaten

Finansdepartementet vil ha færre og større skattekontor. Før sommaren la skatteetaten fram forslag om å redusere talet på skattekontor frå 107 til 53. Skattekontora i Gol og Hokksund er to av kontora som står i fare for å bli lagde ned. I august var Granli på Stortinget for å drøfte saka med parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland, Martin Kolberg (Ap) og leiar i finanskomiteen, Hans Olav Syversen (KrF). Politikarane hadde forståing for argumenta, men kunne ikkje gje garantiar.

Det er nemleg Finansdepartementet som har fått fullmakt til å bestemme den nye strukturen på landets skattekontor.

– Vil få store konsekvensar

Dette handlar ikkje berre om tapet av 12 statlege arbeidsplassar. Hallingdal er ein region med mykje utanlandsk arbeidskraft både i reiselivsnæringa og i bygg og anlegg.

I 2015 var det 6200 som fekk hjelp over skranken på Skattekontoret i Gol. 25 prosent av besøka gjaldt ID-kontroll av utanlandske arbeidstakarar. Her får tre austeuropeiske handverkarar hjelp av Ingun D. Bergheim.
I 2015 var det 6200 som fekk hjelp over skranken på Skattekontoret i Gol. 25 prosent av besøka gjaldt ID-kontroll av utanlandske arbeidstakarar. Her får tre austeuropeiske handverkarar hjelp av Ingun D. Bergheim.

– Bedriftene er avhengig av å ha eit skattekontor som gjennomfører ID-kontroll av dei utanlandske arbeidstakarane. Det vil få store konsekvensar for næringslivet i distriktet om folk må bruke arbeidstida på å reise lange avstandar for å kome seg til skattekontoret. Det er ei så viktig sak for næringslivet, at saka burde vore lyfta opp på politisk nivå, seier ho.

Får ikkje kome til orde

Granli har bedt om audiens både i Kommunaldepartementet og i Finansdepartementet. Men her møter ho stengde dører.

– Når departementa får makt til å forme politikken og bestemme strukturen på skattekontora, må dei tole å høyre korleis politikken verkar. Eg kan ikkje skjøne at dei ikkje vil lytte til kva konsekvensar dette får for lokalsamfunna i vårt distrikt. Som ordførar har eg mandat til å lyfte lokalsamfunnet sine behov fram for sentralmakta. Viss ikkje øvste politiske leiing i kommunane får kome til orde, kven er det då som skal pratet distriktet si sak? spør ho.

– Må stole på KrF og Venstre

Granli har fått signal om at saka vert avgjort i samband med statsbudsjettet, som blir lagt fram neste veke.

– Betyr det at løpet er køyrd?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om me har fått signal om at Finansdepartementet har bestemt seg, håpar eg det finst politikarar på Stortinget som vil lyfte denne saka opp på eit politisk nivå. Viss det er rett at saka blir avgjort i statsbudsjettet, får me setje vår lit til Venstre og KrF. Vil dei akseptere dette, spør ho.