Ein varebil og ein skulebuss frontkolliderte på Fv40 ved Kikut i Hol onsdag ettermiddag.
Ein varebil og ein skulebuss frontkolliderte på Fv40 ved Kikut i Hol onsdag ettermiddag.

Namnet på den omkomne er frigitt

Ein mann (80) frå Dagali omkom då varebilen hans frontkolliderte med ein skulebuss onsdag ettermiddag.

Det var Arnljot Olaisen (80), busett Dagali, som omkom i møteulykka på Fv40 ved Kikut i Hol.

Ulykka skjedde onsdag ettermiddag då ein Toyota Hiace varebil på veg til Geilo kolliderte med ein buss med skuleelevar som køyrde i retning Skurdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vitneobservasjonar, avhøyr av bussjåføren og undersøkingar på staden syner at det var varebilen som kom over i feil køyrefelt, opplyser Jan Koldal, seksjonsleiar for patruljeseksjonen i politiet i Hallingdal.

Elevane tekne hand om

Det sat tre ungdomsskuleelevar i bussen. Korkje dei eller sjåføren vart skadd i møteulykka, men elevane vart raskt henta og sendt til legevakt for sjekk. Den omkomne var åleine i varebilen. Hol kommunes kriseteam er tilgjengeleg for dei som er berørt av ulykka.

Hallingdølens journalist på staden, og andre vitne, fortalde om glatt vegbane og vanskelege køyreforhold på Fv40 onsdag.

Fv40 ved Kikut på Geilo.
Fv40 ved Kikut på Geilo.
Ein varebil og ein skulebuss frontkolliderte på Fv40 ved Kikut i Hol onsdag ettermiddag.
Ein varebil og ein skulebuss frontkolliderte på Fv40 ved Kikut i Hol onsdag ettermiddag.

I grøfta

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen kom til Kikut onsdag ettermiddag og gjennomførte tekniske undersøkingar på staden. Då hendingsforløpet verkar klart, vart det ikkje tilkalla krimteknikarar frå politiet. Bussen, som vart liggjande i grøfta etter samanstøyten, vart onsdag kveld frakta til Gol for vidare undersøkingar.

Då varebilen var frakta vekk frå ulykkesstaden utpå ettermiddagen, kunne trafikken sleppast forbi i eitt køyrefelt. Då bussen var fjerna var vegen open for fri ferdsel.

Olaisen etterlèt seg kone og ei dotter.