Dei fire kampanjefilmane vart vist på eit stort lerret som var spent opp på ein NAF-trailer.
Dei fire kampanjefilmane vart vist på eit stort lerret som var spent opp på ein NAF-trailer.

NAF: – Kan bli nasjonal satsing mot elgulykker

Norges Automobil-Forbund, NAF, er begeistra for kampanjen som er sett i gang i Hallingdal.

– Det er ein veldig bra kampanje, seier kommunikasjonsrådgjevar Jan Ivar Engebretsen i NAF.

At interessa er stor, viser også all omtalen som kampanjestarten i Flå fekk. Ei rekkje media i heile landet har omtalt denne kampanjen som har ei overordna målsetjing: Å få ned talet på viltpåkøyrslar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan kampanjen bli større?

– Ja, dette kan bli ei nasjonal kampanje. Våre lokalavdelingar rundt omkring i landet vil få informasjon om denne kampanjen. Her ligg det alt ei pakke, det er berre å vidareføre opplegget i Hallingdal, seier Engebretsen.

Han seier at det er gjort mykje i Hallingdal for å redusere viltkollisjonane.

– Og det er bevist at dette kan gjerast utan store kostnader.

– Vil kampanjen ha ein verknad?

– Denne informasjonskampanjen er viktig. Den får bilistane til å vakne, seier Jan Ivar Engebretsen.