Laagendalsposten kuttar i frekvensen til to utgåver i veka.

Naboavisene halverer talet på papirutgåver: – Det blir mindre papir, men fleire nyheiter

Drammens Tidende og Laagendalsposten kuttar i avisutgåvene per veke.

Drammens Tidende går frå seks til tre avisutgåver i veka. Også Laagendalsposten gir ut færre papiraviser i veka, og går frå fire til to. Begge avisene er eigd av Amedia-konsernet. Reduksjonen forklarar dei med at dei fleste abonnentane ønskjer å lesa avisene digitalt, og ikkje på papir.

– Det blir mindre papir, men fleire nyheiter. Endringa gjer oss betre i stand til å satse der det tel mest for dei aller fleste abonnentane våre, nemleg digitalt, seier redaktør i Drammens Tidende Espen Sandli til eigen avis. Nær 8 av 10 av abonnentane deira les avisa digitalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drammens Tidende har kome ut på papir sida 1832 og er landets nest eldste avis. 22. mars halverer dei talet på utgjevingsdagar når papiravisa ikkje kjem ut denne fredagen.

I ein epost til abonnentane onsdag fortalde redaktør Jørn Steinmoen i Laagendalsposten at avisa hans går frå fire til to papirutgåver i veka frå 22. mars, med utgjeving tysdagar og torsdagar.

Også Laagendalsposten forklarar nedgangen med at stadig fleire vel digitale plattformer når dei skal lesa avisa.

Dei to avisene kjem i ei lang rekke av norske aviser som har gått ned på utgjevingsfrekvens den siste tida. Aviser som Romerikes Blad, Haugesunds Avis, Gudbrandsdølen Dagningen og mange fleire har gjort det same.

Hallingdølen har derimot ingen slike planar:

– Me ser at lesarane set pris på papirproduktet vårt. Mange gjev tilbakemelding om at å bla i ei fysisk papiravis gjev ei annan lesaroppleving enn å skrolle seg gjennom nyheitene på ein skjerm, seier redaktør Lillian Holden i Hallingdølen.