Grunna korona er det sett opp doble foringar i parken i sommar. Det var likevel mange som var møtt opp til foring av bjørnen.

Her stimlar folk saman for å sjå på foring av dyra: – Oppmodar folk om å halde avstand

Då Hallingdølen var i Bjørneparken i helga, stod folk tett i tett for å få med seg foring av dyra. Til VG minner Espen Nakstad i Helsedirektoratet om at folk sjølve har eit ansvar for å passe på og halde avstand til kvarandre.

Årsaka til utspelet er ein større sak i VG i dag, der lesarar har sendt inn bilete både frå Tusenfryd og Bjørneparken i Flå. Dei reagerer på mykje folk og lange køar, ikkje minst på Tusenfryd.

I Bjørneparken peikar ein lesar spesielt på at mykje folk var til stades under foring av dyra, og at det var tette køar inn til parken. Direktør Kees Ekeli svarar at dei har ei rekke smitteverntiltak på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjennomfører ikkje aktivitetar og foringar som ein-til-ein-relasjonar mellom dyrepassarar og besøkande innandørs. Alle våre aktivitetar er no utandørs, seier han til VG.

Les også
Glade for å få opne — men det blir ikkje eit toppår

Bjørneparken slepper maksimalt inn 1750 gjester. Ekeli fortel at dei har rutinar for korleis dei sluser folk inn i parken ved inngangen, og at dei har vakter som passar på at folk held avstand til kvarandre. Men når folk stimlar saman ved anledninger som foring, er det ikkje så lett å halde orden i rekkene.

– Me har dobla talet på foringar. Me oppmoder folk om å halde avstand. Om folk opplever å stå for tett, kan dei kome på neste foring, seier han.

VG har utfordra assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad på smittevernrutinar i fornøyelsesparkane. Han meiner dei er gode.

– Det er viktig at besøkande sjølve også passar på og held minst ein meter avstand, både når dei står i kø for å kome inn og når dei er innafor. Det same gjeld også elles når ein ventar på bussen eller står i kø i ein butikk, seier Nakstad til avisa.

Les også
Her er brørne Igor og Zino på plass i sin nye heim