Kor er mamma til denne vesle kattungen som tysdag stod og mjaua høglydt under ein stein på Geilo.
Kor er mamma til denne vesle kattungen som tysdag stod og mjaua høglydt under ein stein på Geilo.

Mjaumma! Kor er du?

Kven eig kattungen? Og kor er mora? På veg heim frå skulen tysdag fann Celine ein knøttliten kattunge.

Høge og tydelege, men samstundes spede mjau, var å høyre ein eller annan stad. Tiandeklassingen Celine Kaggestad var på veg heim frå skulen tysdag då ho vart var nokre lydar. Ho bestemde seg for å finne ut kor dei kom frå. Etter å ha følgt lyden og leita litt, fann ho ein knøttliten kattunge under ein stein. Etter å ha kikka litt rundt og undersøkt, fann ho ut at ho berre måtte ta den med seg. Huset kattungen vart funnet ved, var ikkje busett. Og nokon kattemor var i alle fall ikkje å sjå.

– Det var langs Geilovegen, på vegen frå kinarestauranten og mot Dr. Holms, fortel mamma Ellen Kaggerud. Ho vart ringt opp av ei fortvila dotter, som ikkje klarte å gå ifrå den vesle, skrikande kattungen. Kor er mora?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den er berre kanskje ein stad mellom tre og fire veker, trur ho. Med det same den vart løfta opp, var kattungen litt redd. Men den har snart funne seg vel til rette heime hjå familien. Den er roleg og tillitsfull.

Familien Kaggestad har forhøyrt seg litt rundt og sett opp plakatar, men har enno ikkje klart å finne eigaren. For kattungen er tydeleg van med menneske, så ein stad må den høyre til. Og kattemora må også finnast ein stad. Kanskje har den drive på å flytta kattungar eller noko?

– Dottera mi er ein dyrevenn, så ho måtte berre ta seg av den, fortel Ellen Kaggerud. Kattemjølk og tåteflaske vart raskt kjøpt inn. Og med mating kvar fjerde time, har det vore travelt dei siste dagane.

Celine Kaggerud (t.v.) fann den vesle kattungen tysdag. Veslesyster Lisa tykkjer det er stor stas med den vesle kattungar. Men jentene håpar å gjenforene den med mora si.
Celine Kaggerud (t.v.) fann den vesle kattungen tysdag. Veslesyster Lisa tykkjer det er stor stas med den vesle kattungar. Men jentene håpar å gjenforene den med mora si.
Veslesyster Lisa tykkjer det er stor stas med den vesle kattungar. Men jentene håpar å gjenforene den med mora si.
Veslesyster Lisa tykkjer det er stor stas med den vesle kattungar. Men jentene håpar å gjenforene den med mora si.

– Celina gjekk ivrig opp i arbeidet, for onsdag fall ho i søvn i siste time, fortel mamma Ellen. Læraren måtte vekke henne.

Frasse

Heime har familien den unge hannkatten Nusse få før. Og no altså den nye. Vesle nøstet er kalla Frasse.

– Stor stas også for yngstejenta mi Lisa på ni år, fortel Ellen Kaggestad. Men no håpar ho at nokon veit noko om kattungen Frasse. At den enten kan kome heim – eller få ein ny heim.

– Den var i fin form og fin i pelsen. Ikkje forkommen på noko vis. Men liten og lett som ei fjør, fortel Kaggestad.