Trude Kristin Klæboe kjem frå Flå, men bur i Stabekk. Ho kom heim til bygda for anledninga.
Trude Kristin Klæboe kjem frå Flå, men bur i Stabekk. Ho kom heim til bygda for anledninga.

– Mitt hjarte er ditt, Flå

Trude Kristin Klæboe har halde songkarrieren nærast hemmeleg. Onsdag kveld var ho å sjå live på NRKs tv-sending frå Flå.

400 menneske møtte opp då Sommartoget til NRK arrangerte livesending frå Flå stasjon onsdag kveld. Livesendinga bestod av lokale innslag som musikk, lokale eldsjeler og dyr frå Bjørneparken.

Heiv seg rundt

Ei av dei som underheldt direkte i beste sendetid var songaren Trude Kristin Klæboe. Det var ikkje planlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig spontant. Bandet Darling West skulle eigentleg spela, men sat fast på grunn av flytrøbbel.

– Barndomsvenninna mi, Martha Kristin Gaptjern, ringde meg i dag tidleg og spurte om eg ville opptre.

Klæboe er frå Flå, men bur i Stabekk. Der var ho då ho fekk telefonen.

Rundt 400 tok turen innom Flå stasjon onsdag ettermiddag.
Rundt 400 tok turen innom Flå stasjon onsdag ettermiddag.
Programleiaren Haddy N’jie gjettar seg fram til kva for dyr Bjørneparken har tatt med seg til programmet.
Programleiaren Haddy N’jie gjettar seg fram til kva for dyr Bjørneparken har tatt med seg til programmet.
Kees Oscar Ekeli frå Bjørneparken gjer seg klar for TV skjermen.
Kees Oscar Ekeli frå Bjørneparken gjer seg klar for TV skjermen.
Fantorangen fekk mykje merksemd frå dei aller minste.
Fantorangen fekk mykje merksemd frå dei aller minste.
Siw Anita Davidsen Løkke og døtrene Bertine og Johanna følgde toget frå Sokna til Flå.
Siw Anita Davidsen Løkke og døtrene Bertine og Johanna følgde toget frå Sokna til Flå.
NRK Super-profil, Shana Fevang Mathai, sette i gang konkurransar for små og store.
NRK Super-profil, Shana Fevang Mathai, sette i gang konkurransar for små og store.
Flå stasjon var dekorert med masse forskjellige fargar, lys og blomster.
Flå stasjon var dekorert med masse forskjellige fargar, lys og blomster.
Martha Kristin Gaptjern viste programleiarane støvelkast. Mikkel Niva vann konkurransen og kalla seg sjølv for Usain Bolt i støvelkast.
Martha Kristin Gaptjern viste programleiarane støvelkast. Mikkel Niva vann konkurransen og kalla seg sjølv for Usain Bolt i støvelkast.
Ordførar Tor Egil Buøen og eldsjel Martha Kristin Gaptjern fortalde personlege historier frå Flå.
Ordførar Tor Egil Buøen og eldsjel Martha Kristin Gaptjern fortalde personlege historier frå Flå.
Innspelingsleiaren frå NRK gjev instruksar til publikum før sending.
Innspelingsleiaren frå NRK gjev instruksar til publikum før sending.
Viola blei sminka før ho skulle annonsere vinnarane av NRKs sommarkonkurranse.
Viola blei sminka før ho skulle annonsere vinnarane av NRKs sommarkonkurranse.
I det kamera blei slått av og sendinga var over, kom regnet til Flå stasjon.
I det kamera blei slått av og sendinga var over, kom regnet til Flå stasjon.
Hallingeventyr var nokre av dei som stilte med stand. Seljar Lennart Hammergren var redd for at dei ikkje hadde tatt med seg nok.
Hallingeventyr var nokre av dei som stilte med stand. Seljar Lennart Hammergren var redd for at dei ikkje hadde tatt med seg nok.
Hallingeventyrs eigne honning var svært populært.
Hallingeventyrs eigne honning var svært populært.
Sommartoget kom til Flå onsdag og overnatta til torsdag.
Sommartoget kom til Flå onsdag og overnatta til torsdag.

– Eg har elbil, men eg rakk ikkje å lade bilen fort nok. Eg heiv meg rundt, leigde ein bil og drog oppover, fortel ho.

Til vanleg jobbar Klæboe med musikk, og er i ferd med å gi ut ei plate. Men ho snakkar ikkje så høgt om musikken, og svært få har sett henne opptre.

– No har eg ikkje vore tilbake i bygda på eit par år. Eg er vel ein som har «blomstra seint», og få veit at eg driv på såpass seriøst med musikken. No tek eg med meg musikken heim til bygda.

Og Klæboe legg ikkje skjul på at det er ekstra spesielt å opptre i heimbygda. Ho håpar at dette kan vere inntoget til ein meir synleg karriere.

– Eg skal synge songen «Mitt hjerte er ditt», som ei kjærleikserklæring til Flå og dei som bur her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stas med TV

Siw Anita Davidsen Løkke og døtrene Bertine og Johanna Davidsen Løkke frå Sokna er på Flå for å få med seg hendinga.

– Det er kjekt å kunne fylle sommarkvelden med noko anna enn å berre sitje inne på sofaen, fortel mora.

Dei var også til stades då toget kom til Sokna onsdag formiddag, og dei følgde etter toget vidare til Flå.

– Me må stille opp når det skjer ting i nærmiljøet. Det er fantastisk god stemning her, og det er artig å sjå både kjentfolk og folk ein som regel ser på skjermen.

Døtrene Bertine og Johanna har gitt klem til barne-tv-stjerna Fantorangen og helst på ein programleiar i NRK Super. Likevel var det éin ting dei tykte var enda betre:

– Det beste med heile dagen var å blir filma og koma på TV, ler dei.

Overvelda ordførar

Ordførar i Flå, Tor Egil Buøen, var ein sentral gjest under sendinga og fortalde historier frå bygda.

– Det er heilt utruleg at så mange folk har møtt opp, me er trass alt midt i ferien. Folk har verkeleg stilt opp og bidrege i heile dag, fortel den letta ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er fornøgd med opplegget til NRK og tykkjer programleiarane stilte Flå og innbyggjarane i eit fint lys. Han trur ikkje at dette blir ein revolusjon for Flå, men at det er til god hjelp for vegen vidare.

– Alle slike små drypp gjer at fleire får vite om Flå og kva me kan tilby. Det var stas at Sommartoget valde å stoppe her, for det er det ikkje mange tog som gjer, ler Buøen.