annonse

Minst 15 lam døydde på grunn av laushunden

Hunden
Hunden: Den to og eit halvt år gamle Alaska Huskyen Chivas observert ei stund før han vart teken av dage – midt under eit angrep på eit lam. (Foto: Line Sandvik)
Politiet i aksjon
Politiet i aksjon: Politibetjent Tonje Borge Istad var fungerande innsatsleiar under hundejakt-aksjonen. Til høgre politibetjenten Mats. (Foto: Line Sandvik)
Tragisk lammesank
Tragisk lammesank: I løpet av berre nokre timar vart fire lam funnet hardt skadd og eit femte biten i hel. (Foto: Line Sandvik)
Biten
Biten: Eit av lamma til Olav Veslestølen hadde fått seg eit kraftig bitemerke av hundekjeven. (Foto: Line Sandvik)
På hundejakt
På hundejakt: Politiet rykte ut med tre mann for å prøve å fange hunden før mørket falt sundag kveld. (Foto: Line Sandvik)
Hentar kadaver
Hentar kadaver: Sauebonde Olav Veslestølen hentar lammet som vart funnet halvvegs i live inne på tomta til hundeeigarane. (Foto: Line Sandvik)
Hundejakt
Hundejakt: Olav Veslestølen og kona mista fire lam på berre nokre timar. Ein intens hundejakt gjekk føre seg før mørket falt på. Politibetjent Tonje Borge Istad var funderande innsatsleiar under hundejakta. (Foto: Line Sandvik)

Ein laushund i Hemsedal var sundag kveld ute på sitt andre drapstokt på få dagar. Politiet fekk skote dyret før det vart mørkt.

Line Sandvik

Sundag kveld herja dyret blant beitande sau i Markegårdslia i Lykkja, Hemsedal. I fleire timar jakta politiet og ei gruppe frivillige på hunden. Sauebonde Tor Grøthe var i området for å sjå etter sauene sine. Han kom i snakk med ein hundeeigar som bur på ei hytte i området. Grøthe var klar over at det var hunden på denne hytta som hadde herja på Bergastølen sist veke. Hundeeigaren fortalde då at han på ny sakna hunden sin. I løpet av kort tid greidde Grøthe då å finne fleire skadde lam i området. Eit av dei låg faktisk inne på tomta til hundeeigaren. Lamma var såpass skadde at dei måtte avlivast på staden.

Politiet kom

– Eg ringde politiet med ein gong, men fekk til svar at dei ikkje hadde ressursar. Men då eg fann døde og skadde lam, ringde eg igjen. Då var det ingen bøn, fortel Grøthe. Politiet rykte ut.

Dei første skadde lamma synte seg å høyre til sauebonde Olav Veslestølen på Lykkja. Han var og raskt på staden. Området er utmarksbeite for fleire bønder i Hemsedal. Då politiet kom til staden, fekk dei organisert folk i jakta. Hunden herja framleis blant sauene. Berre politiet hadde løyve til å skyte hunden dersom den kom til syne. Dei andre kunne berre skyte om hunden aktivt angrep husdyr.

Hunden drap over ti lam og skadde fleire ved Bergastølen sist veke. Då fekk eigarane hunden att i påvente av saksgangen. Eigaren opplyste sundag kveld at hunden hadde forsvunne ved 17-tida. Hunden stod ikkje i band, men var plassert innanfor gjerdet til hytta. Det er snakk om eit normalt sauegjerde. Normalt har ikkje større hundar problem med å hoppe over. Då Hallingdølen snakka med hundeeigarane var dei innforstått med at hunden ville bli avliva.

– Ja, er det hunden vår som har gjort dette, er me klar over det, sa dei.

Problemhund

Snart vart lam nummer tre funne hardt skadd. Det vart avliva. Eit fjerde lam vart også funne skadd i terrenget over hytta. Det vart frakta heim til garden til Veslestølen for tilsyn av veterinær. Seint på kvelden vart eit femte lam funne hardt skadd, og måtte avlivast.

Veslestølen var sjølvsagt prega av situasjonen.

– Eg varsla politiet tre gonger i vinter om denne hunden. Den sprang rundt inne på gardstunet mitt, fortel han.

Sauebonde Bengt Wilhelmsen hadde vanskeleg for å halde seg i ro under samtale med hundeeigaren. Bengt Wilhelmsen og Bjarne Gjærde har så langt mista over ti lam. Minst.

– Me fant to til i dag, fortel Gjærde. Saman med Wilhelmsen reagerte han sterkt negativt på at hundeeigarane framleis ikkje sørgde for å halde hunden sin i band.

Tragisk lammesank

Måndag føremiddag fann Veslestølen fleire skadde lam. Totalt var det då fem avliva lam og tre skadde etter hundeangrepet i Markegårdslia.

– No må me berre leite vidare. Me manglar seks lam og ei søye, fortel han. Totalt var det så langt måndag 15 lam som måtte bøte med livet etter hundeangrepa på Bergastølen og i Markegårdslia. I tillegg er fleire lam skadde.

Ein tredje politimann kom til Markegårdslia med våpen sundag kveld. Det var same betjent som var på Bergastølen sist veke. Også då med våpen. Men onsdagen klarte hundeeigaren å få hunden inn til seg. Seint sundag kveld var det ingen bøn. Klokka 23.16 høyrdest mange skot oppe mot Kjølen. Hunden vart skoten midt i jakta på lam.

– Den jaga sau då den vart skoten av politiet, fortel fungerande innsatsleiar Tonje Borge Istad. Det blir no oppretta sak også på dette tilfellet. Ho reknar og med at saueeigarane kjem med eit erstatningskrav mot eigaren av hunden.

Treng kadaverhund

Sauebøndene ved Bergastølen måtte ringe Valdres etter hjelp for å finne døde dyr i terrenget. 
Hallingdal har ikkje godkjende kadaverhundar. Sauebøndene Bjarne Gjærde og Bengt Wilhelmsen mista fleire lam under hundeangrepet ved Bergastølen natt til onsdag sist veke. 
– Eg ringde etter kadaverhund i Valdres. Den var dessverre halt, men dei har visstnok fleire, fortel Gjærde. Han fant, etter dagevis med leiting, fleire døde lam som var drepne av hund. 
Etter hundeangrepet i Markegårdslia blir det enno større behov for kadaverhund.
– Du kan jo tenkje seg kor vanskeleg det er å finne eit lam som har sprunge rett inn i eit tett kratt. Det er nærmast umogleg, seier sauebonde Tor Grøthe. Dei vil og nytte kadaverhund i søk. Helst allereie måndag. 
Organisasjonen Norske Kadaverhunder (NKH) har bemanna telefon for akutte skader. Dei organiserer også kurs i kadaversøk med hund. NKH vart stifta i 2011 og vil bidra til kvalitetssikre utdanning av kadaverhund rundt om i landet. Målet er å auke sjansen for å finne att kadaver slik at dødsårsaka kan dokumenterast tidleg nok.  

Erstatning

Jourhavande i Nordre Buskerud Politidistrikt vil ikkje uttale seg om denne saka måndag føremiddag. Hundelova (1. januar 2004) krev at hundeeigarar sørger for at hunden ikkje er ein fare for omgjevnadane sine. Frå 1. april til 20. august skal hunden haldast forsvarleg inngjerda eller i band. Ver merksam på at det kan vere utvida bandtvang, spesielt i beiteområde. Er hunden ein fare for mellom anna husdyr på beite, skal den fangast inn, eller politiet skal varslast. Krev situasjonen raskare handling, altså om hunden tydeleg går laus på dyr, kan den bli avliva på staden.


Hundeeigar har erstatningsansvar for skade hunden gjer. For sauebøndene i Hemsedal kan summane fort kome opp i 100.000 kroner for tap og følgekostnadar. (Kjelde: Lovdata)

Bondelaget reagerer

Norges bondelag sende siste veka i juni eit brev til Riksadvokaten der det uttrykt aukande uro når det gjeld lovstridig hundehald som går ut over husdyr, spesielt sau. Bondelaget har fleire konkrete saker som har blitt lagt bort etter «bevisets stilling». Bondelaget skriv at fleire opplever rettstryggleiken som svekt, sidan desse sakene ikkje får nokon reaksjon. Ofte dreier det seg om saker bondelags-medlemmane meiner er heva over kvar og ein tvil at sauen er teken av hund. No oppfordrar bondelaget påtalemakta om å ta desse sakene alvorleg. 

annonse