- Det er administrative utfordringar, men eit politisk problem, seier rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes.
- Det er administrative utfordringar, men eit politisk problem, seier rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes.

Mindreårige blir kasteballar

– Me kan ikkje sende asylsøkjarar rundt på kommunane si rekning, seier Tone Tveito Eidnes, rådmann i Ål og dermed øvste sjef for barnevernet i Hallingdal.

Dei siste vekene har Hallingdølen omtala problemet med livssituasjonen til fleire einslege mindreårige asylsøkjarar. Hallingdal barnevernsteneste er uroa for liv og helse til kring 20 barn og unge på dei to mottaka i Hallingdal, men også for økonomien til kommunane Hemsedal og Hol, som vil få rekninga dersom dei grip inn.

Rådmann i Ål, vertskommunen for barnevernet, meiner det er eit politisk problem, som må bli løyst politisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det har administrative utfordringar?

– Ja. Dei som bur på mottaka har fått avslag, men får bu der til dei fyller 18. Dei er ikkje innbyggjarar i kommunen. Me kan ikkje sende dei rundt på kommunen si rekning, seier Tone Tveito Eidnes. I møte med UDI førre veke kom det fram at UDI ikkje har pengar til å følgje opp asylborna, men det har heller ikkje kommunane.

Laurdag omtala me på ny oppmodinga frå Barneombodet. Dei meiner barnevernet må gripe inn.

– Situasjonen er uavklara og uhaldbar. Det må bli jobba politisk. Løysinga ligg på Stortinget, seier Tveito Eidnes.