Langedrag Naturpark har plukka ut fire namneforslag til dei to fjellrevkvalpane.
Langedrag Naturpark har plukka ut fire namneforslag til dei to fjellrevkvalpane.

Mikkel og Foxy?

No kan du vere med å bestemme kva fjellrevkvalpane skal heite.

I juni skreiv Hallingdølen om hunden Arja som vart fostermor for to små fjellrevkvalpar på Langedrag. Dei vart henta frå ein revefarm då dei var to og ei halv veke gamle, ein hann og ei tispe. I starten av juli vart det lyst ut ein namnekonkurranse.

– Me har fått inn mange gode namneforslag, bade på Facebook og mail, fortel Gro Saugerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har Langedrag Naturpark plukka ut dei beste namneforlaga. Desse fire alternativa vil bli lagt ut til avstemming på deirafacebooksider:

* Todd og Mari

* Mira og Mikkel

* Revi og Reven

* Mikkel og Foxy

Sundag 30. juli blir det arrangert namnedag for årets dyreungar. Vinnarane av konkurransen vil få gratis inngang i parken på namnedagen og eit eige spesialbesøk hjå revane saman med dyrepassar. Frist for å stemme er 27. juli.