Sigurd Kirkebøen (22) frå Hemsedal og Ragnhild Wetteren Josvanger (22) frå Nes gjekk rett frå studiar til bankjobb i heimbygda.
Sigurd Kirkebøen (22) frå Hemsedal og Ragnhild Wetteren Josvanger (22) frå Nes gjekk rett frå studiar til bankjobb i heimbygda.

– Midt i blinken å få jobb i banken

– Eg var fast bestemt på at eg skulle flytte heim att. Spørsmålet var ikkje «om», men «når».

Ragnhild Wetteren Josvanger (22) frå Nes har jobba i rekneskapsavdelinga til Sparebank 1 Hallingdal Valdres sidan i september i fjor.

Same dagen som ho fekk eksamenspapira som bachelor i økonomi og leiing etter tre års utdanning på Hønefoss, kom jobbtilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde søkt jobb fleire stader. Det var midt i blinken å få jobbtilbod frå Sparebank 1 Hallingdal Valdres den dagen eg var ferdig. Eg vart kjempeglad, smiler ho.

Ragnhild venta ikkje lenge med å takke ja. Ho hadde for lengst bestemt seg for å flytte heim til Hallingdal.

No vekslar ho mellom å jobbe i rekneskapsavdelingane til bankavdelingane på Gol og Nes.

Ragnhild er ikkje den einaste nyutdanna hallingen som på grunn av banken har flytta tilbake til heimbygda.

Sigurd Kirkebøen (22) frå Hemsedal var ferdig med tre års utdanning i økonomi og administrasjon i Trondheim i fjor vår. Fyrste november var fyrste arbeidsdagen hans i lokalbanken.

No jobbar han vekselvis ved avdelingskontoret på Gol og i Hemsedal.

– Eg søkte litt her og der og fekk jobb både i Oslo og Hallingdal. Eg var ikkje i tvil om kva eg skulle takke ja, seier han.

Ragnhild og Sigurd er glade for at dei var så heldige å få jobb i heimbygda rett etter enda utdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidsmarknaden i Hallingdal kan vera vanskeleg å koma inn på for unge og nyutdanna som gjerne vil flytte heim. Det er flott at den lokale banke tilbyr mange spennande og gode jobbar, seier dei.