Farevarsel: Meteorologisk institutt melder om kraftige vindkast det neste døgnet.

Melder om svært kraftige vindkast komande døgn

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for Hallingdal.

Oransje farevarsel er det nest høgaste farenivået. Det er vinden som blir tøff det neste døgnet, skal me tru vêrprognosane.

– Frå fredag morgon til fredag kveld blir det svært kraftige vindkast i Agder, Telemark, Buskerud og Innlandet, skriv Meteorologisk institutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eit rasktgåande lågtrykk som kjem inn frå vest og går i land i Trøndelag. Dette gir eit kraftig vindfelt over fjellet i Sør-Norge.

Vinden kan slå ned i dalstroka både på Sørlandet og vest på Austlandet.

Hallingdal er i desse områda.

Dei kraftige vindkasta er venta tidleg fredag ettermiddag og vil vere på omkring 25 til 30 meter i sekundet.

I fjellet blir vindkasta kraftigare. Dei vil kome stort sett frå vest og nordvest retning.

Les også
Fann kadaver i søppelsekk: - Ei guffen oppleving
Les også
Det var ei bok som starta det heile: – Me var engasjerte og aktive
Les også
– Nedre Gol er midt i blinken