Petter Braaten. (arkivfoto)
Petter Braaten. (arkivfoto)

- Meld frå om sjuke dyr

Forrige veke fekk Statens naturoppsyn (SNO) inn melding om at ein villrein med tydelege sjukdomsteikn var observert på sørsida av Rv52 over Hemsedalsfjellet.

Måndag melde SNO at reinen, som kan ha skrantesjuke, enno ikkje var funnen. Dyr som oppfører seg unormalt, eller viser tydelege teikn på sjukdom, kan vera sannsynlege smitteberarar. Desse skal fellast for prøvetaking hjå Mattilsynet.

– Meld ifrå

Petter Braaten, SNO Geilo, har hovudansvar for vakthaldet av grensene mot villreinområda i Nordfjella og på Hardangervidda. Han ber folk melde raskt frå dersom dei ser tydeleg sjuke dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ber folk melde frå til oss i SNO, slik som i tilfellet på Hemsedalsfjellet. Me står nesten med støvlane på, klare til å rykke ut. Men me er avhengige av at folk melder ifrå. Gje oss gjerne GPS-koordinat, bilete og så mykje informasjon som mogeleg, seier Braaten.

Skyt sjuke dyr

Som eit ledd i kartlegginga kan naturoppsynet, etter instruks frå Miljødirektoratet, felle all rein som har tydelege teikn på sjukdom.

– Dette er ein alvorleg situasjon, og me jobbar med å forsyne Mattilsynet med sjuke dyr til prøvetaking, seier Braaten.

Følgje med på grensa

Det er førebels berre påvist skrantesjuke på dyr innanfor sone 1 i Nordfjella. Grensa mellom sone 1 og 2 går langs Fv50 Hol-Aurland. Rv52 Hemsedalsfjellet utgjer ein naturleg barriere mellom villreinen i sone 1 og tamreinflokken til Filefjell Reinlag. Denne har sommarbeite på nordsida av vegen. Både gjetarar frå tamreinlaget og oppsynsmenn frå Statens naturoppsyn (SNO) vaktar no ytterkantane av sone 1, for å hindre at villrein frå smitteområdet kryssar grensene og går over i sone 2 på sørsida av Fv50 eller inn i tamreinområdet på nordsida av Rv52.