Minnemarkering for MC-føraren Siri Annett Klype frå Ål.

Mektig markering ved ulykkesstaden der MC-førar omkom

Ein kortesje av 90 motorsyklar og bilar og rundt 150 personar møtte opp for å minnast Siri Annett Klype som omkom i MC-ulykka i Ål torsdag kveld.

I samråd med politiet arrangerte dei pårørande ei markering på ulykkesstaden der MC-føraren Siri Annett Klype frå Ål omkom torsdag kveld. Trafikken vart dirigert om Breievegen.

Dei siste bilane som fekk sleppe gjennom før politiet stengde Rv7 for trafikk trilla sakte og lydlaust forbi ulykkesstaden. Etter nokre minutt i stille kunne ein høyre det buldre i det fjerne. I underkant av 100 motorsyklar køyrde sakte bort mot blomsterkransen som låg i vegkanten. Ein kortesje av bilar følgde etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt 150 personar deltok på markeringa ved ulykkesstaden der Siri Klype frå Ål omkom torsdag kveld.
Les også
MC-fører frå Ål omkom etter frontkollisjon på Rv7

Ei mektig stund

Det vart ei høgtideleg stund ved Strandafjorden denne laurdag ettermiddagen. Stille tårer og omtenksame hender som klappa sine nære på ryggen. Skinnvestar som møttest i sorgtunge klemmar, og dei mektige tonane til Amazing Grace spelt på trompet. Eit sjeldan lydbilete langs Rv7 i Hallingdal.

Det var Siri Annett Klype som omkom i motorsykkelulykka i Ål torsdag kveld.

Rundt 150 menneske hadde møtt opp for å minnast Siri Annett Klype ved ulykkesstaden. Seinast i juni kunne ein bli kjend med henne gjennom ein reportasje i Hallingdølen. MC-føraren som likte piercingar, hovudskallar og strikking. Ho som endeleg hadde senka skuldrene og lært seg å sjå verda på ein ny måte. Ho som vart eit symbol på at ikkje alt må vere A4.

Klype var aktivt med i motorsykkelmiljøet, og var initiativtakar til MC-klubben Fentun, ein MC-klubb for damer. Klubben var akkurat starta og på sin aller fyrste tur då den tragiske ulykka skjedde torsdag kveld.

Rundt 90 motorsyklar stod parkert i riksvegen langs Strandafjorden laurdag ettermiddag. Siri Annett Klype vart heidra av både MC-klubben og familien.
Les også
FAEN'A FAEN'A FAEN'A

Rosehav i vegkanten

Siri Annett Klype var på veg til MC-klubbhuset til Wino's Crew i Kleivi då det fatale skjedde. Etter ein kollisjon med ein møtande bil stod ikkje livet hennar til å redde.

Minnestunda vart runda av med eitt minutts stille og Hellbillies-låten «Reise i lag med deg» over høgtalar. Då følget køyrde tilbake mot Wino's Crew sitt klubbhus låg det att eit hav av roser i vegkanten.

Roser og lys står att ved ulykkesstaden etter markeringa.
Etter markeringa køyrde følgjet på rundt 90 motorsyklar tilbake til Kleivi via Breievegen.