Skistua i Hemsedal skisenter.
Skistua i Hemsedal skisenter.

Meir ungdomsfyll, men færre politioppdrag

Trass i rekordtrafikk har det i år vore færre oppdrag for politiet enn tidlegare påsker. Men talet på narkosaker aukar.

– Det har stort sett vore ei grei påske. Så vidt eg veit har det ikkje vore meldt om alvorlege valdssaker, seier innsatsleiar i Hallingdal og Nore og Uvdal, Stein Smestad. 

I Hemsedal har det vore ein del fyll blant yngre ungdom. Mange har ikkje vore i stand til å ta vare på seg sjølve. På kvelds- og nattetid har lokale vaktmannskap måtta ta hand om folk som har lagt seg til å sove ute. Det har også vore ein stor jobb med å finne ut kor dei har hatt tilhald.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Narkotika

Skjærtorsdag markerte starten på ein tredagars heidundrande påskefest i Hemsedal, og politiet fekk nok å henge fingrane i. 

Litt før halv åtte torsdag kveld vart politiet kalla til Hemsedal skisenter etter melding om slåsting. 

Halvannan time seinare vart ein mann og ei dame i 20-åra, også i Hemsedal, meldt til politiet for bruk av narkotika. Begge vedgjekk narkotikabruk.

Innsatsleiar i politiet, Stein Smestad, melder om ein forholdsvis grei påske. – Eg har hatt vakt på dagtid, men har ikkje høyrd om valdtekter eller alvorlege valdshendingar.
Innsatsleiar i politiet, Stein Smestad, melder om ein forholdsvis grei påske. – Eg har hatt vakt på dagtid, men har ikkje høyrd om valdtekter eller alvorlege valdshendingar.
– Om det er dei same som har vore på ferde begge gongane blir berre gjetting, seier politioverbetjent Stein Smestad.
– Om det er dei same som har vore på ferde begge gongane blir berre gjetting, seier politioverbetjent Stein Smestad.

Omtrent samstundes vart ytterlegare to menn i 30-åra og to kvinner i 20-åra tatt for bruk av narkotika. Det vart også beslaglagt ei mindre mengde kokain. 

Klokka 23.41 vart ein mann i slutten av tenåra vist bort frå Hemsedal sentrum. Mannen hadde oppført seg trugande ovanfor dørvaktene på ein utestad. 

Ein time seinare vart ein overstadig rusa mann tatt hand om ved ein utestad i Hemsedal. Mannen var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, og vart sett i fyllearresten.

Langfredag

Ved 23-tida langfredag kveld fekk politiet melding om innbrot og tjuveri frå ei leilegheit i Hemsedal. Her var bilnøklar, ein mac og alkohol stole. Det var også gjort ein del skade på leilegheita. 

Rett før klokka 24 natt til laurdag kom det melding om at ein mann var slått ned på ein utestad i Hemsedal. Politiet kom til og tok opp forklaring frå begge partar – to menn i 20-åra. Ein kar blanda seg inn og vart vist bort frå staden. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag ettermiddag vart to svenske karar vist bort frå Hemsedal på grunn av bråk. 

Promillekontroll

Laurdag føremiddag hadde politiet promillekontroll på Rv52 i Gol. Etter tre kvarter hadde dei kontrollert 100 bilar – utan at ein einaste førar hadde promille. 

Eit par timar seinare hadde politiet trafikkontroll på Rv52 ved innkøyringa til Nordre Øygardsvegen, i 60-sona. Her vart 30 bilar kontrollert. Ni av førarane fekk bot for høg fart. Høgste fart vart målt til 85 km/t. 

Laurdag ettermiddag måtte ein kar i 20-åra frå Asker bli med til legen i Hemsedal for å ta blodprøve. Han er mistenkt for å promillekøyring. 

I 18-tida vart ein kar i slutten av tenåra sett i arresten. Han hadde opptredd trugande mot vakter og politi i Hemsedal. 

Ikkje berre unge

Innsatsleiar Stein Smestad har vore på jobb på dagtid i påska. – Påska har vore prega av ein del overstadig rusa folk. Men slett ikkje berre ungdommar, fortel han. 

Det har også vore ein del narko blant påsketuristane. Spesielt i Hemsedal. 

Politiet har hatt fire patruljebilar på vakt i Hemsedal. I tillegg til bistand frå politiets hundepatrulje. Dessutan har utestadene hatt ekstra vaktmannskap. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Seksjonsleiar Jan Koldal fortel at dei har hatt ein nedgang i oppdrag i Hallingdal i forhold til fjorårets påske. 

– I fjor hadde me 120 oppdrag. Talet i år var rett over 100, seier han. Skjærtorsdagen var travel, men likevel var det færre oppdrag enn i fjor. 

– Me har hatt ein markant nedgang i ordensforstyrrelsar. Men litt meir når det gjeld slagsmål. Narkosaker var det fleire av. Men her hadde me også større fokus enn tidlegare, fortel Koldal som legg til at ein slapp store leiteaksjonar og alvorlege trafikkulykker denne påska. 

– Me satsa på førebygging og hadde auka bemanninga. Eg vil seie me lykkast med denne strategien, seier Koldal.