Meiner Vesten har eit ansvar for terroren
Sondre Lindahl er ein av Norges fremste terrorforskarar. Han meiner terror ikkje er hovudproblemet, men at angrepa ofte heng saman med andre politiske og historiske samanhengar.
– Du lærte det i barnehagen: Slår du ein person så slår han ofte tilbake, og slik går det rundt til ein ikkje hugsar kven det var som starta. Vald avlar vald lærer ein frå ein er liten, så kvifor blir dette ignorert på det politiske plan?
Sondre Lindahl ser spørjande på meg. 29-åringen frå Nes er heime i sommarferien. For tre veker sidan fekk han godkjend doktorgraden sin i «Korleis overvinne terrorisme?» Det er ved universitetet i New Zealand han har bygd opp ein modell der han i hovudsak har sett på metodar for fred- og konfliktløysing.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Der Vesten har ført militær krig mot terrorisme har det gått frykteleg gale. Heilt sidan 11. september 2001 har me gått til krig mot terror for å få slutt på han. Resultatet har vore fleire angrep. Sjå for eksempel på krigen i Irak: Sidan 2004 har Vesten bomba landet. Over éin million sivile, som ikkje hadde noko med 11. september å gjere, er døde.
Saddam Hussein var fæl, men fleire sivile har døydd etter at Vesten starta krigføringa enn under Hussains styre. Sidan invasjonen er det berre bomber og vald Vesten har gjeve innbyggarane. Og så blir me overraska over at det veks fram grupper som IS og at det kjem angrep mot Europa i retur?
«God» vald betre enn «vond vald»?
Modellen til Lindahl er i hovudgrunn enkel: at dei fleste terrorhandlingar ikkje handlar om ei enkel hending her og no, men at dei er eit resultat av ei historie. At det ikkje skaper nokon langvarig løysing å bruke «god» vald for å overvinne «vond» vald, og at ein i staden bør satse på politiske og diplomatiske løysingar. Sjølv kor innlysande denne tanken kan verke, er han svært kontroversiell rundt om i verda.
– Eg har blitt hetsa og trolla hardt på nettet. I USA og Storbritannia har dei ein heilt annan tankegang. Dei meiner ein skal slå tilbake. Men då kjem ein alltid tilbake til det same punktet og ein skaper det problemet ein prøver å overvinne. For eksempel sa David Cameron at landet ikkje hadde tid til å vente på ei politisk løysing i Syria og at å skru opp den militære innsatsen ville redusere terrortrusselen på sikt og gjere landet tryggare. Eg meiner han ikkje kunne tatt meir feil. Sjå berre på angrepa mot England dei siste månadene, fortel Lindahl engasjert.
Tilfeldig at det vart terror
At Sondre Lindahl enda opp med ein doktorgrad om terror er meir eller mindre tilfeldig. Han har vore interessert i samfunnet sidan han var liten. Men sjølv om som seksåring hadde planar om å bli Moskva-korrespondent når han vart stor, var det politikk og økonomi, distriktet og innanriks han brann for i oppveksten. Etter å ha fullført ein bachelor i samfunn, språk og kultur såg han likevel at det kanskje vart fleire jobbar å velja i om han utvida horisonten. Mest på tull søkte han seg vidare til ein master i politikk og terrorisme på eit av dei mest prestisjetunge universiteta i Europa, nemleg Aberystwyth University i Wales. Han kom inn. Dette var rett etter 22. juli og etter kvart vart temaet terror stadig meir spennande. Han enda opp med å skrive ein master. Der analyserte han lovforslaga om soloterrorisme som regjeringa kom med i 2013. Punktet handlar om at ein kan straffeforfølge personar som oppfordrar eller planlegg terror.
Mastergraden fekk gode tilbakemeldingar. Det var etter dette at Lindahl for alvor starta å tenkje at forsking kanskje kunne vere noko for han. Kort tid etter møtte han mentoren sin, Richard Jackson, på ein konferanse. Jackson kom med tilbod om at han kunne bli med til New Zealand for å skrive doktorgrad. Lindahl takka ja. Han vart ferdig med doktorgraden i november, men fekk ho fyrst godkjent no i juni.
– Det var mykje fram og tilbake rundt oppgåva. Den eine eksaminatoren min meinte det var eit problem at eg omtala terroristar som hokjønn. Men eg meiner det er viktig. Ein terrorist blir alltid presentert som ein han. Eg meiner ein skal vere forsiktig med kva slags ord ein brukar i både nyheiter og forsking, då dette fort går over i daglege tale. Difor har eg konsekvent skrive i hokjønn for å bryte denne fordommen.
Undergrev våre eigne verdiar
– Det vil aldri bli slutt på vald, men andre kriser som global oppvarming er mykje verre enn terror. I framtida kjem me til å sjå mykje fælt på grunn av for eksempel kampen om vatnet. Når det gjeld terror spesifikt påstår eg at vesten vil sjå mindre til den dersom me vel å løyse det med politiske og diplomatiske verkemiddel. Det er måten me løyser det på i dag som både skaper meir terror og øydelegg våre eige samfunn og verdiar, seier Sondre Lindahl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Væpning av politiet er han sterkt imot.
– Når politiet går med våpen, er det same type politikk som å føre ein krig mot terror, berre i eit mindre perspektiv; politiet er ikkje lenger nøytralt. Væpninga formar måten ein prøver å løyse ein konflikt på. Vestlege land blir fanga i ein negativ spiral. Me øydelegg våre eigne samfunn og verdiar ved å føre denne typen politikk. Når det kjem fleire angrep mot Europa, blir styremaktene meir opne for overvaking. Konsekvensen er at me mistar personvernet vårt. Politikken trugar liberale verdiar som me kjempar for. Krigen mot terror undergrev dei same verdiane me kjempar for. Alle tapar! Når me i tillegg veit at terrortrusselen er relativt låg, så kan ein ikkje si anna enn at det er liten vits å øydelegge verdiane våre for dette, fortel Lindahl. Den nybakte doktoren er engasjert. Ifølge han er ikkje grupper som IS nokon eksistensiell trussel mot vesten, i alle fall ikkje samanlikna med andre globale kriser som alt nemnde global oppvarming.
– IS kan ikkje øydelegge Norge og Norges verdiar. Men ei langvarig konflikt med vesten kan sjølvsagt skape sympatisørar som kan angripe vesten, legg han til.
Vanskelegare å ha dialog
I staden for å bombe meiner Lindahl ein må ha dialog. Tradisjonelt sett har Norge vore gode på fredsdiplomati. Vårt land har ei meir jordnær og realistisk tilnærming til terror, men ein merkar at det blir vanskelegare å ha dialog også her i landet.
– Det at PST beslagla filmaterialet til filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen i 2015 var eit skremmeskot. Her var det ein filmskapar som gjorde alt det rette; han prøvde å finne ut kva ekstremistar prøver å oppnå, han prata med dei for å prøve å forstå. Heldigvis tapte PST i høgsterett, men likevel; dei sende eit ganske klart signal om at å prate med mogelege terroristar ikkje var måten å gå fram på, seier Lindahl.
Han sitt i finskjorta i sommarvarme Nesbyen. Og han veit han er heldig. At sjansen for å bli født i Norge er mindre enn å vinne i lotto, og at det finst så utruleg mange der ute som lir.
– Urett er det verste eg veit. I alle former. Det at mange menneske lir unødvendig på grunn av feilkalibrert politikk i Vesten gjer meg sint. Sjå på Jemen, Syria, Irak – land der det har gått kolossalt gale – delvis på grunn av vestleg innblanding og ei krigføring mot terror. Det er nok det som driv meg, seier han.
– Men kva trur du, da? Har du trua på ei framtid utan terror og krig?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Når ein driv med forsking på dette temaet har me eit ordtak som passar godt, nemleg pessimism of the intelect, optimism of the mind, seier han.
Det kan kanskje vere vanskeleg å vere ein terrorforskar som seier at terror ikkje er det største problemet, men som han seier sjølv.
– Ein må finne ut kva saka handlar om. Også må me spørje om det er noko me gjer som skaper situasjonen. Ein kan ikkje bombe for fred.