Maja Salhus Røed kunne ikkje sjå at det ut frå fraktum i saka var grunnlag for reaksjonar mot Landbruks- og matdepartementet.
Maja Salhus Røed kunne ikkje sjå at det ut frå fraktum i saka var grunnlag for reaksjonar mot Landbruks- og matdepartementet.

Meiner Mattilsynet gjorde rett

Ein hundehaldar i Hallingdal vart nekta å ha fleire enn to hundar.

Det aksepterte ho ikkje. Kvinna tok ut søksmål mot Landbruks- og matdepartementet.

Ho kravde at vedtaket vart kjent ugyldig. Vidare kravde ho inntil 30.000 kroner i erstatning for urettmessig avliving av hunden hennar. Ho kravde også at ho ikkje er ansvarleg for kostnadene då seks hundar vart fjerna frå hundehaldet hennar og sett i mellombels forvaring. Ho tapte på alle punkt i Hallingdal tingrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nødvendig

Mattilsynet meinte at hundehaldaren ikkje hadde oppfylt vesentlege pålegg og brote reglar i dyrevelferdslova. Forbodet om å avgrense hundehaldet til to hundar var eit nødvendig tiltak, meinte Mattilsynet.

Hundehaldaren var ikkje samd i alle vurderingane til Mattilsynet. Blant anna viste ho til at hundane vart lufta tre gonger om dagen, og at inneklimaet var forsvarleg. Mattilsynet hadde derimot fleire gonger påpeikt at luftkvaliteten var dårleg på grunn av store mengder hundemøkk og urin på golvet.

Fekk pålegg

Hallingdal tingrett med dommarfullmektig Maja Salhus Røed som einedommar, kan ikkje sjå at vedtaket som vart fatta bygger på feil faktum.

Retten viser til at det er sett fristar for gjennomføring av pålegg, og ved fleire høve er desse forlenga. Retten peikar på at Mattilsynets vurderingar utelukkande er veterinærfaglege, som ikkje går ut over formålet i dyrevelferdslova om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr.

Tingretten kom også til at hundehaldaren ikkje har krav på erstatning etter at hunden hennar vart avliva. Retten slår fast at ho vart varsla på førehand om at konsekvensen av at ho ikkje samtykka til omplassering av hunden ville vere at den vart avliva.

Ho må også dekke kostnadene for den mellombelse forvaringa av seks hundar. Fordi ho tapte saka, må ho betale sakskostnadene til staten på 56.600 kroner.