Hallingspretten i medvind frå Kikut på Geilo fram mot Sangefjell i Ål.
Hallingspretten i medvind frå Kikut på Geilo fram mot Sangefjell i Ål.

Medvind for Hallingspretten

I år var det full klaff for Hallingspretten. Nærare 1100 skiløparar fekk til og med medvind over fjellet.

«Palmelaurdag» gjekk turrennet Hallingspretten av stabelen for fjerde gong, og sjølv om det røynte på kreftene for enkelte deltakarar mot slutten, var domen klar:

– Det beste til no, seier Kjersti Tragethon. Den utflytta holingen har gått alle fire åra. Ho spurtar om kapp med kjærasten Erik Hejdenberg mot målområdet i Hallingdal feriepark i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Betre enn Skarverennet

Deltakartalet kom opp i 1069 i år, fordelt på to løyper: 45 km frå Kikut på Geilo til ferieparken, og Halvsprtten på vel to mil.

Dei som gjekk over fjellet fekk gleda av medvind, og tidvis blå himmel og sol, men kanskje også utfordring med skispor som var blåse igjen. Remi Knutsen kjenner at det tærer på reservane inn på oppløpet. Han snublar over målstreken, men med moralsk støtte frå eit «Team Solo», eit damelag frå Oslo/Kongsberg, er han snart på beina igjen.

– Dette var flott, seier Knutsen. Han er på hytta si ved Hivjufossen nesten kvar helg og går det som finst av renn, men det er første året med «spretten» for bergensaren frå Oslo.

Hallingspretten i medvind frå Kikut på Geilo fram mot Sangefjell i Ål
Hallingspretten i medvind frå Kikut på Geilo fram mot Sangefjell i Ål
Kjersti Tragethon (t.h.) og Erik Heijdenberg er ved godt mot inn mot mål. - Det beste året ti no, seier Tragethon som har gått alle fire åra.
Kjersti Tragethon (t.h.) og Erik Heijdenberg er ved godt mot inn mot mål. - Det beste året ti no, seier Tragethon som har gått alle fire åra.
Det var kø i stigningane opp mot toppen på Veståsen før utforkøyringane nær 4. matstasjon ved Prestnystølen.
Det var kø i stigningane opp mot toppen på Veståsen før utforkøyringane nær 4. matstasjon ved Prestnystølen.
Liv Frydenlund frå Geilo fekk smøreservice frå Svein Olav Stranden.
Liv Frydenlund frå Geilo fekk smøreservice frå Svein Olav Stranden.
"Team Rosa Melkesyre" frå Kongsberg var i storform etter å ha vunne Radio Norge-prisen. F.v. Solveig Pedersen, Bente Pedersen, Grethe Iren Pedersen og Laila Maensivu.
"Team Rosa Melkesyre" frå Kongsberg var i storform etter å ha vunne Radio Norge-prisen. F.v. Solveig Pedersen, Bente Pedersen, Grethe Iren Pedersen og Laila Maensivu.
Elin Nordheim (f.v.) Ragnhild Haug Stølen, Birgit Undebakke, Ingrid Stave og Guri Saue i målområdet i Hallingdal feriepark.
Elin Nordheim (f.v.) Ragnhild Haug Stølen, Birgit Undebakke, Ingrid Stave og Guri Saue i målområdet i Hallingdal feriepark.
Remi Knutsen snublar i mål i målområdet i Hallingdal feriepark.
Remi Knutsen snublar i mål i målområdet i Hallingdal feriepark.
Camilla Gjerløw, Henriette Vibstad og Hanne Snipen har stilt som lag, mens Remi Knutsen gjekk for eiga maskin, og no er dei klare for "Etterspretten".
Camilla Gjerløw, Henriette Vibstad og Hanne Snipen har stilt som lag, mens Remi Knutsen gjekk for eiga maskin, og no er dei klare for "Etterspretten".
Arrangøren håpar på 1000 innom teltet.
Arrangøren håpar på 1000 innom teltet.
Marlene Rust frå Gol, med vener.
Marlene Rust frå Gol, med vener.

– Det gjorde det litt vanskeleg å disponere kreftene, vedgår han.

Dei som ikkje har rekna med den siste stigninga før den aller siste utforkøyringa, går gjerne på ein smell.

– Men løypa er faktisk betre enn Skarverennet, meiner Knutsen. Skarverennet har ei lengre historie og heile 12.000 deltakarar.

Klart for renn i 2019

Slikt får fram smilet hos Gunnar Haugo, ansvarleg arrangør.

– Det er hyggjeleg å høyre. Hallingspretten er kåra til å vere blant topp fem av turrenn, så det er me fornøgde med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk rykte om at dette kunne bli siste året?

– Me har satsa og sagt me bør ha 1100–1200 deltakarar. Det klarte me nesten, så me er fornøgde. Me har planar om Hallingspretten i 2019 også. Me har fått masse gode tilbakemeldingar.

– Men de konkurrerer både med andre renn og med påsketradisjonane til folk?

– Me håpar å kunne bli ein del av tradisjonen, seier han. Tragethon og Heijdenberg bur på Nøtterøy og har alt gjort det til tradisjon å kombinere påsketur med turrenn.

– Det passar veldig bra, seier dei.

Også Hallingdal feriepark nyt godt av arrangementet.

– Dette er veldig viktig for parken, seier Henrik Sommer, dagleg leiar. Det er lagt opp til «ettersprett» i eit telt som kan ta imot tusen personar.

– Skal Team-Solo på etterspretten?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølvsagt. Det er jo difor me er her, seier Henriette Vibstad.

Om det blir like snørikt i 2019 står att å sjå. Då er påska sein, og datoen for Hallingspretten er sett til 13. april.