Rickshaw-pilot Rolf Sveinhaug gjev Karin Kristiansen og Anna Tolpinrud ein luftetur gjennom Ål sentrum.
Rickshaw-pilot Rolf Sveinhaug gjev Karin Kristiansen og Anna Tolpinrud ein luftetur gjennom Ål sentrum.

Med rett til vind i håret

Gjennom Sundrevegen i Ål susar ein oppsiktsvekkande trehjuling med raud kalesje.

Under kalesja sit Karin Kristiansen og Anna Tolpinrud og vinkar stolt til nysgjerrige forbipasserande. Dei er på veg til Hallingdal Feriepark for å sjå på livet og ta seg ein is i sommarvarmen.

– Eit kjempebra tiltak. Elles kjem eg meg sjeldan rundt, anna enn på butikken. Det er godt med ein luftetur, seier Karin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raud rickshaw

Sjølve doningen er ein elektrisk rickshaw – eller sykkeldrosje. Eit køyretøy ein elles berre ser i travle asiatiske gater. Ål helsesenter fekk han i gåve for eit drygt år sidan, og sidan då har doningen stått på lading og venta på å få kjenne asfalt under dekka. Tidlegare i vår tok Frivilligsentralen på seg ansvaret for å lære opp folk til å køyre rickshaw’en, slik at fleire eldre kan få litt etterlengta vind i håret. For nokre veker sidan vart Rolf Sveinhaug uteksaminert som fyrstemann.

Treng pilotar

To dagar i veka syklar han rundt. Kundane er folk med adresse Nigarden.

– Det blir to lufteturar for til saman fire passasjerar om dagen. Etter to turar er batteriet tomt, humrar Rolf, medan han utstyrer damene med sykkelhjelmar før heimturen. – Eg oppfordrar fleire til å melde seg som pilotar, slik at fleire som vil det kan få tilbod om ein luftetur, legg han til.

Karin Kristiansen (f.v.) og Anna Tolpinrud sit godt planta under den raude kalesja, klare for heimturen til Nigarden.
Karin Kristiansen (f.v.) og Anna Tolpinrud sit godt planta under den raude kalesja, klare for heimturen til Nigarden.
Konseptet kjem frå Danmark, der fleire tusen frivillige pilotar med rickshaw-syklar sørger for at eldre på pleieheimar kjem ut og får vind i håret.
Konseptet kjem frå Danmark, der fleire tusen frivillige pilotar med rickshaw-syklar sørger for at eldre på pleieheimar kjem ut og får vind i håret.

Han er ein flink sjåfør, meiner Karin og Anna.

– Det humpar og sprett litt over fartsdumpane. Men det gjer ikkje noko, smiler dei.