Olav Sveinsson noterte svara for quiz-laget på vegner av Bodil Lein, Asbjørn Lein og Oddbjørn Breivik.
Olav Sveinsson noterte svara for quiz-laget på vegner av Bodil Lein, Asbjørn Lein og Oddbjørn Breivik.

Med nøklar, forsikring og brente vaflar på menyen

Det er ikkje så ofte du går heim frå eit kafébesøk med ei lang liste over innretningar og grep for å redde liv.

Så er heller ikkje ein kafé i regi av Frivilligsentralen på Nes som alle andre kafear. Når måndagskveldens tema var «sikkerheit» og ein skilta med «farleg» mat på menyen, var det ikkje rart den elles så stødige brannsjefen vart litt i villreie.

– Eg er litt usikker på kor eg skal starte, sa Gunnar Lagmandokk. Han var invitert for å snakke brannsikkerheit i heimane til folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Branntips

Uvissa vart raskt erstatta av ei punktliste over livsviktige tiltak for å minimere brannfaren. Inn mot juletida handlar det ikkje minst om levande lys.

– Sløkk dei alltid før du går ut av rommet, sa brannsjefen. No er det likevel ikkje lys som er brannårsak nummer éin. Komfyren derimot. Dersom du ikkje visste det, bør komfyrvakt stå høgt på ønskjelista i år. Eller seriekopla røykvarslarar. Om ikkje anna eit brannteppe.

Krim

Det var langt frå fullt hus i Sorenskrivergården. Lovens lange arm hadde slik sett ei enkel oppgåve. Lensmann Hallvard Haraldseth Jervell presenterte litt krim-statistikk for dei kring ti frammøtte.

Hallvard Haraldset Jervell, lensmann i Nes seier litt om sikkerheitsnivået i bygda.
Hallvard Haraldset Jervell, lensmann i Nes seier litt om sikkerheitsnivået i bygda.
Ragnhild Lundekvam Breivik styrke grytene, og serverte «Brennende kjærlighet».
Ragnhild Lundekvam Breivik styrke grytene, og serverte «Brennende kjærlighet».

– Det er ikkje så mykje kriminalitet, men ein og annan aggressiv dørseljar har det vel vore. Og vêr så snill: ikkje la dykk lure av milliongevinstar via e-post frå Nigeria, sa lensmannen.

Og ein må vere forsiktig med å gi frå seg personlege opplysingar, sjølv om «nokon» etterspør det.

Dørspion

Det skorta ikkje på gode råd frå Kristian Noreng heller. Butikkeigaren frå Nesbyen Kjøkken og Jernvare presenterte det siste innan nøklar og låsar. Siste skrik er elektriske låsar, med kode eller chip.

Er ein i tvil om ein skal opne døra, kan ein dørspion kanskje vere tingen. Då kan ein sjå kven som står utanfor trygt og godt frå innsida.

Quiz

Det var elles forsikringsseljar Aase Holum som fekk kafegjestene i aktivitet. Utsendinga frå Skue sparebank hadde med seg quiz. Kor mange vasskader skjer i snitt kvar dag i løpet av eit år, spurde ho med alternativet 50, 100 eller 200.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav Sveinsson noterte svara for quiz-laget på vegner av Bodil Lein, Asbjørn Lein og Oddbjørn Breivik. Mange vart overraska over at det var så mange som 200 vasskader i året.

Dei frammøtte kunne elles trøyste seg med «brente» vaflar og «brennende kjærlighet» frå grytene til Ragnhild Lundkvam Breivik.