Driftsbygning med 300 geiter i full fyr i Leveld. Biletet er teke mellom klokka tre og fire natt til laurdag.

— Me er så utruleg takksam for at me sjølv berga livet, og at det meste av tunet vårt framleis står

Anne Vetteren Grøthe fortel om branndramaet dei opplevde natt til laurdag, om å miste 300 dyr, men også om stor takksemd.

Natt til laurdag opplevde ho og familien i Leveld i Ål dramaet dei og alle andre håpar aldri skjer. I løpet av minutt midt på natta stod driftsbygningen i full fyr, med 300 geiter innomdørs. Resultatet vart fatalt.

— Dyra søkte inn i fjøset

— Det siste døgnet har me kjempa ein kamp me hadde håpt aldri å skulle stå i. Når det kom til elden viste det seg å vere ein motstandar som hadde tida på si side. Dyra våre søkte seg naturleg nok til der dei kjende seg tryggast, nemleg fjøset sitt. Me lukkast difor ikkje med å berge dei ut. Bilete me må leve med, og som kjens som eit mareritt me aldri vil vakne av. Sjel og sinn kjens som det vil gå i oppløysing. Geitene var få dagar frå å kome seg til fjells. Slik vil det ikkje bli i år, skriv Anne Grøthe Vetteren på Facebook og som Hallingdølen får formidle vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
300 geiter brann inne i låvebrann i Leveld - ingen personar skadd
Anne Vetteren Grøthe er også kommunepolitikar i Ål, og sit i formannskapet og kommunestyret for Sp.

— Me er utruleg takksam

Midt opp i tragedien opplever ho likevel stor takksemd. For det kunne gått så mykje verre.

Brannen skjedde i den mest tettbygde delen av Leveld-grenda. Det er berre meter mellom husa i tunet, og mellom gardane. Det var derfor ei stor utfordring som møtte brannmannskapa då dei kom på staden like før klokka tre på natta.

Når ein ser dette biletet er det nesten utruleg at bustadhuset i midten ikkje tok fyr.

— Driftsbygningen stod i flammar. Me måtte prioritere å berge bustadhusa på tunet, fortalde innsatsleiar i brannvesenet Atle Strandos Hallingdølen brannatta.

Les også
Heimesjukepleia oppdaga flammane og fekk varsla: - Det var eit skremmande syn

Det lykkast dei om lag 40 mannskapa frå Ål, Gol, Hol og Geilo med.

— Midt i det heile er me så utruleg takksam for at me sjølv berga livet, og at det meste av tunet vårt framleis står, skriv Anne Grøthe Vetteren og held fram:

Slik hadde det ikkje gått om det ikkje vore for vêrgudar, verdas beste brann- og redningsteneste, på kryss av kommunegrenser, og ikkje minst grannelag og familie som stiller opp med oppbretta ermar til lenge etter elden har ebba ut.

Brannmannskapa gjorde ein heroisk innsats og berga bustadhusa på garden.

Takkar alle som hjelpte til

Vêrgudane spelte på lag den dramatiske natta. Det var blikk stille. Vindkast i ein slik situasjon kunne vore katastrofalt. Brannmannskapa fekk relativt raskt kontroll på brannen, og begge bustadhusa på garden pluss ei gamlestugu vart berga. Men ytterkledningen og vindauga ber tydeleg preg at det var nære på.

Les også
– Stigebilen var viktig. I natt kom han til sin rett

Også naboar og andre trødde støttande til. Gardbrukarar køyrde vatn med traktor og tankvogner, eit supplement til brannvesenet sine fire tankbilar som gjekk i skytteltrafikk mellom elva Votna og garden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Vettern Grøthe vil gjerne takke alle som bidrog den dramatiske natta og tida etterpå.

— Me set så umåteleg pris på all hjelp, blomar, gode ord og varme tankar. Som me alltid har visst, det er i Ål og Hallingdal ein bør bu, avsluttar Anne Vetteren Grøthe som også takkar forsikringsselskapet Gjensidige som raskt var på plass for å sjå kva dei kunne bidra med.

Oversiktsbilete av brannen i Leveld laurdag morgon. Husa ligg tett i bygda, men brannmannskapa greidde berge bustadhusa som heilt inntil driftsbygningen.