Annbjørg Aamodt, Marit Medhus Breie, Torfinn Langelid, Astrid Storm Hult og Roar Berge.

Matvareprisane opp med 13,7 prosent - slik merkar kundane det: – Eg synest synd på ungdommen

Matvareprisane har auka med heile 13,7 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Statistisk sentralbyrå har kome fram til at den generelle prisveksten frå mai til juni steig 0,6 prosent. I juni var prisveksten 6,4 prosent høgare enn for eit år sidan.

Dette merkast blant forbrukarane. Hallingdølen tok seg ein tur på diverse matbutikkar i Ål og snakka med nokon av dei som handla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire seier dei har merka at matvareprisane har auka.

Annbjørg Aamodt syns kaffien har blitt dyr.

Ein av kundane som har lagt merke til dei auka matvareprisane er Annbjørg Aamodt.

Ho fortel at ho nettopp har kommentert kor dyr ho syns kaffien har blitt.

– Ja, eg merkar auken. Brød kostar snart 50 kroner, og grønsakene har blitt dyrare, seier Aamodt.

Ein konsekvens av dyrare mat kan vere at folk blir nøydde til å endre kjøpevanane. Her og er det blanda opplevingar. Aamodt fortel at ho har endra vanane.

– Eg endra dei alt under pandemien. No handlar eg berre ein gong i veka, fortel ho.

Astrid Strom Holt merkar at matvarene kostar meir enn dei brukte å gjera.

Ein annan kunde som har merka prisauken er Astrid Storm Holt.

– Ja, det er litt dyrare enn det pleier, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holt fortel at ho ikkje har endra noko på kjøpevanane sine.

– Nei, ikkje enno. Eg har ikkje så dyre vanar i utgangspunktet.

Torfinn Langelid har ikkje merka noko til auka matvareprisar.

Det er derimot ikkje alle som har lagt merke til prisauken. Torfinn Langelid fortel at han er blant dei.

– Nei, eg har ikkje registrert nokon auke, seier Langelid.

Marit Medhus Breie følgjer meir med på tilbod.

Marit Medhus Breie fortel at ho ikkje har endra vanane, men at ho følgjer meir med på tilbod.

– Eg har blitt meir oppmerksam på kva slags tilbod som finst, seier Breie.

Fleire er urolege

Det er lett å bli litt bekymra for matvareprisane. Fleire av kundane Hallingdølen snakka med, har bekymringar knytt til dette.

Roar Berge er ikkje så bekymra for auka matvareprisar.

Men Roar Berge tek det meir med ro. Han er komen i den alderen at han er ferdig med lån «og sånn», som han seier det. Folk i etableringsfasen og med familie er han meir uroa for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest synd på ungdommen, fortel han.

Marit Medhus Breie fortel om ein anna uro ho har rundt matvarer:

– Dette med kor stor makt matvarekjedene har. Det er mykje egne merkevarer. Sjølv er eg bevisst på å kjøpe mat frå merke Gilde og Prior, framfor dei varene kjedene merkar sjølve, fortel ho.