Brått var plassen utanfor Hallingplast heilt fylt med vatn.

Måtte evakuere fabrikken; fryktar store røyr har reist med vatnet: – Ver så snill å la det ligge!

Det vart hektiske timar på Hallingplast då vatnet brått steig urovekkande raskt. Dei tilsette jobba på spreng for å stenge ned fabrikken i tide.

– Enkelte gjekk med vatn opp til midja på det verste. Me gjorde dei tiltaka me kunne, og fekk stengt av straumen. Det handla om å avgrense skadane så mykje som mogleg, fortel Sverre Tragethon.

Hallingplast var budd på at det ville bli trøbbel med ekstremvêret for fabrikken i Kleivi. Dei hadde tett kontakt med både Ål- og Hol kommune i forkant av ekstremvêret, samt Eco.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men for å vere heilt ærleg hadde eg aldri sett for meg at det skulle kome så mykje vatn, seier Tragethon.

Evakuert til Geilo

Det var ved 15-tida tysdag at vatnet begynte å stige for alvor. Først nådde det berre asfaltkanten på lagerplassen. Men brått var det kome heilt inn på kontora. Lagerplassen ute vart raskt fylt opp.

– Dei tilsette stod på så me fekk stengt fabrikken i tide, før vatnet kom inn, seier Tragethon. Like etterpå vart dei tilsette henta av ein buss.

– Ein flink sjåfør henta oss i Kleivi, og køyrde dei som ikkje bur på Geilo til Vestlia. No har me 20 tilsette i Hallingplast som er evakuert på Vestlia, seier Tragethon.

Det kom etter kvart mykje vatn inn i kontorlokala til Hallingplast også.

Ved 08-tida onsdag morgon var Tragethon tilbake i Kleivi. Vatnet har trekt seg litt tilbake, og kunne gå gjennom kontorlokalet tørrskodd.

– Det er framleis mykje vatn ute på plassen her, seier han.

La røyr ligge - men sei frå

Tysdag fekk han tips frå folk som meinte dei hadde sett røyr og delar frå Hallingplast på tur ned fjorden. Han kjem med ei innstendig bøn:

– Om nokon ser produkt frå oss, ta eit bilete og send oss det på postmottak@hallingplast.no. Me skal få rydda opp, så det ikkje er til skade for folk og utstyr. Men ver så snill, la det ligge. Ikkje prøv å ta det opp, seier Tragethon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om nokre av røyra ute på lagerplassen har reist, er dei truleg 20 meter lange og dermed av ein viss storleik.

– Kva skjer vidare utover dagen?

– Me må berre prøve å få ein oversikt over kva skadar me har. Me held tett kontakt med kommunen og Eco, for å sjå på når me trygt kan få folk på jobb att. Me handterer dette så godt me kan, og håpar å få rydda så me kjem i gang att med normal drift så raskt som mogleg.