For halvanna månad sidan vart det kjent at Bjarne Tormodsgard går av, etter 17 år i redaktørstolen. Også direktør Christian Senning Andersen og styreleiar Magne Gaasemyr takkar for seg. (Arkivfoto)
For halvanna månad sidan vart det kjent at Bjarne Tormodsgard går av, etter 17 år i redaktørstolen. Også direktør Christian Senning Andersen og styreleiar Magne Gaasemyr takkar for seg. (Arkivfoto)

Mannefall i avishuset

Hallingdølen får nye kostar i alle leiarposisjonar.

Det er ikkje meir enn halvannan månad sidan styreleiar Magne Gaasemyr fekk beskjed om at redaktør Bjarne Tormodsgard trekkjer seg som redaktør.

No er det fleire leiarpostar som skal fyllast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på gode vekslingar

Men det er ikkje Gaasemyr som kjem til å sluttføre jobben med å finne ny direktør. Etter 16 år som styreleiar, går han av under generalforsamlinga denne helga. Det betyr at Hallingdølen om kort tid får nye kostar i alle leiarposisjonar.

– Eg trur ikkje det blir nokon revolusjon. Me håpar det blir gode stafettvekslingar, seier Gaasemyr.

– Direktørar veks ikkje på tre

Han seier styret var budd på at Tormodsgard kom til å trekkje seg som redaktør. Det var meir overraskande at Christian Senning Andersen ville gå av som direktør etter berre halvanna år i jobben.

Magne Gaasemyr har vore styreleiar i Hallingdølen i 16 år. Denne helga let han stafettpinnen gå vidare til andre. (Arkivfoto)
Magne Gaasemyr har vore styreleiar i Hallingdølen i 16 år. Denne helga let han stafettpinnen gå vidare til andre. (Arkivfoto)

– Det beklagar me. Styret skulle helst sett at han vart ei stund til. Gode leiarkandidatar veks ikkje på tre i norsk presse. Dette skaper sjølvsagt meirarbeid for styret, seier han.

Ny redaktør i sikte

– Kan det bli aktuelt å vurdere eineleiar – at same person får rolla som både direktør og redaktør?

– Det har ikkje vore vurdert så langt. Det er for tidleg å svare på. Me har ei god løysing for redaktør i sikte, seier Gaasemyr.

– Jobben er ikkje lyst ut?

– Me har tenkt at det er gode krefter internt. Eg håpar me er i mål med å finne ny redaktør om ikkje så lenge. Viss ei avis har gode folk internt, er ofte det den beste måten å rekruttere redaktørar. Då får ein folk som kjenner kulturen. Jobben med å finne ny direktør, blir noko det nye styret må ta fatt i etter helga, seier Gaasemyr.