Politiet sette i gang ein leiteaksjon måndag kveld.
Politiet sette i gang ein leiteaksjon måndag kveld.

Mann i Gol kom til rette ved 04.00-tida

Politi og Røde Kors leitte i går kveld og natt etter ein mann i Gol sentrum.

Mannen vart funnen  i god behald ikkje langt frå heimen. Søket var resultat av ein omfattande redningsaksjon som mellom anna omfatta 42 personar frå Røde Kors hjelpekorps, fem ekvipasjar frå Norske Redningshunder, politi og ambulanse. I den siste fasen deltok også Norsk Luftambulanse.

Måndag kveld

Operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt melde seint måndag kveld at det var sett i gang ein leiteaksjon etter ein mann i 50-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen hadde vore sakna sidan måndag morgon, og ingen hadde kome i kontakt med han i løpet av dagen. Operasjonssentralen ønskte tips frå publikum. 

Leiteaksjonen pågjekk i vestre del av Gol sentrum, i området frå Rv52/Fv51 ved Heslabrua og vestover mot Slåtto-saga.

Ut på natta vart mannen funnen i god form. Han kom til rette at like før klokka 04.00, opplyser Sør-Øst politiditrikt. 

Adm. leiar Odd Inge Blakkestad i Gol og Hemsedal Røde Kors Hjelpekors opplyser at dei stilte med til saman 42 personar i leitestyrken. Han er svært nøgd med  aksjonen. 

- Me starta utkallinga klokka 21.40.Halvparten av mannskapa var frå eige korps. Me fekk også med mannskap frå dei andre hjelpekorpsa i dalen. I tillegg deltok fem redningshundar. Det var i det heile eit svært bra samarbeid, seier han. 

Raskt ut i felten

Blakkestad rosar mannskapa for rask reaksjon og stort frammøte. Alt ved 22-tida, rundt ein halv time etter at saknameldinga kom, var leitinga i gang for fullt.

- Det er viktig i slike saker å vera ute i leiteområdet med så mange som råd. Søket gjekk ut frå heimeadressa og langs opplagde punkt etter stigar og ferdselsvegar i nærområdet. 

Blakkestad opplyser at den sakna vart funnen ved hjelp av redningshund. Han var då i etter forholda god form, vart teken hand om av helsepersonell og frakta til legevakta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis vil du oppsummere aksjonen?

- Me sit att med eit veldig positivt inntrykk. Eg er veldig nøgd med samarbeidet mellom dei frivillige laga i dalen. Det er svært viktig å kunne gå ut med ein stor leitestyrke så raskt som råd i slike saker. Det er avgjerande for å få eit bra resultat.