– Det er surrealistisk at folk vil lese om min kvardag, seier Ingrid Kathrin Ingebrigtsen.
– Det er surrealistisk at folk vil lese om min kvardag, seier Ingrid Kathrin Ingebrigtsen.

Mammabloggaren

– Eg begynte å blogge både på grunn av diabetesen og fordi eg hadde mista eit barn, fortel Ingrid Kathrin Ingebrigtsen. På bloggen «Fem hjerter» deler ho både dei gode og dei vonde dagane.

«Vår lille engel» står det på ein hjarteforma gravstein på Hemsedal kyrkjegard. Under følgjer datoen 10/10 2013 og setninga «Små føtter setter dype spor».

– Mange av mine næraste lurte på om det var lurt å dele så mykje. Men for meg hjelpte det veldig å lese bloggane til folk som hadde opplevd noko liknande sjølv, seier Ingrid Kathrin Ingebrigtsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho kallar seg englemamma. Fem barn på seks år, eitt av dei er i himmelen.

Takksame lesarar

Sjølv om det alltid var eit mål å fortelje alt, handla dei fyrste innlegga om heilt andre ting enn englebarnet.

– Eg har dysleksi, og det var nok ein grunn til at eg kvidde meg mykje for å skrive, seier hemsedølen.

Ingrid Kathrin Ingebrigtsen (f.v.) bloggar ofte om turar med borna Emil Mattias, Emma Noranda, Luka Natanel og Maks Emilian.
Ingrid Kathrin Ingebrigtsen (f.v.) bloggar ofte om turar med borna Emil Mattias, Emma Noranda, Luka Natanel og Maks Emilian.
Luka Natanel synest det er kult når mamma Ingrid Kathrin Ingebrigtsen får tilsendt leiker frå sponsorar.
Luka Natanel synest det er kult når mamma Ingrid Kathrin Ingebrigtsen får tilsendt leiker frå sponsorar.

Men ho skreiv likevel, om kvardagsliv med ungar frå fire til åtte år. Om å ete pannekaker med krem til frukost, gå på langrennstur i solskin og alltid vakne med senga full av born som ikkje får sove på sitt eige rom. Småbarnsmora har diabetes 1, og skriv også ein del om trening, kosthald og livet med insulinpumpe på magen. Og litt etter litt kom også historia om minstemann, som døydde i veke 25 av svangerskapet.

– Det var betre å skrive enn å berre gå og tenkje, seier Ingebrigtsen.

Tekstar med titlar som «5 ting du ikke sier til en englemamma» hjelpte også lesarane.

– Fleire sende meg meldingar der dei takka for at eg delte dette, seier 32-åringen.

Bloggar om natta

Den tidlegare landslagsspelaren i ishockey flytta frå Bergen til Hemsedal før tredjemann vart fødd. Den unge familien ville ha større plass, og etter mange år med familiehytte her, vart Hemsedal fast adresse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bloggen er som ei dagbok om meg og mitt. Det er jo ikkje berre det triste, seier Ingebrigtsen.

I ei lys og tidsriktig stove i bustadfeltet på Svøo spring barna inn og ut mellom naboar, trehjulssyklar og trampolinar. Emil Mattias på åtte år, Emma Noranda på sju, Maks Emilian på fem og Luka Natanel på fire. Rundt oss er det familiebilete på veggene, leiker i ein krok og ein haug klesvask klar for bretting. Det er sjeldan stille hjå familien, og dei store blogginnlegga legg mamma ut på nattetid, etter at barna er i seng.

– Elles kan eg poste små ting frå kjøkkenbenken eller på mobilen. Eg sit aldri med PC-en på fanget når barna leikar, seier bloggaren.

Må godkjennast av barna

Fleire gonger i veka deler ho historier, tankar og barnebilete. Ho vil at bloggen kan vere ei minnebok for borna, men på det meste har 42.000 framande lesarar fått ta del i familielivet. Eit blogginnlegg om diabetes type 1 engasjerte mange, og vart delt vidare på andre nettstader. «Fem hjerter» var då nummer tre på den norske bloggtoppen, berre slått av kjendisbloggarane «mammaen til Michelle» og Sophie Elise.

– Mannen min synest ikkje alltid at det er greitt at eg bloggar om det me gjer, og vil helst ikkje bli avbilda. Hemsedal er ein liten stad, og alle har ei meining om ting, seier Ingebrigtsen.

Sjølv prøver ho å ikkje bry seg så mykje, og er oppteken av at bloggen ikkje skal vere noko glansbilete av familielivet. Dei håplause historiene skal også med, så lenge det er greitt for borna.

– Mange barn har jo heile oppveksten sin på Facebook, og det er ikkje noko betre. Eg spør alltid ungane om eg kan leggje ut bilete av dei, og må berre godta når det kjem eit nei, seier Ingebrigtsen.

Stas med sponsing

Luka Natanel kryp opp på mammas fang og viser fram ei splitter ny badeleike. Stadig kjem det spennande pakker i posten, med gratis kjøkkenutstyr til mor, barneklede og kule leiketøy. I sommar har familien på seks vore i både Hunderfossen, Bjørneparken og Dyreparken i Kristiansand, utan å betale ei krone.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem dagleg førespurnader frå sponsorar. Men eg takkar berre ja til det som interesserer meg, og skriv berre om det eg sjølv meiner er bra, seier Ingebrigtsen.

Forbrukarrådet har nyleg kritisert bloggarar for å drive med skjult reklame.

– Eg merkar alltid innlegga mine med «sponsa/samarbeid», seier bloggaren sjølv.

Freistande jobb

– Det høyrest kanskje teit ut, men det hadde vore stas å kunne gå på Blog Awards.

Sjølv har ikkje småbarnsmora tid til å lese så mange bloggar, men ho kunne godt tenkje seg ein varig plass i toppen av lesarstatistikken. Det krev kunnskap om marknaden. Tabloide overskrifter fengjer fleire lesarar, og via andre sosiale media som Facebook og Instagram når ein ut til fleire. Dei mest populære bloggarane har årsinntekt i millionklassen gjennom faste honorar og produktomtaler. Ingebrigtsen er no på jobbjakt etter nokre år som fulltidsmamma.

– Det er klart det hadde vore gøy å leve av bloggen, men det tek mange år å byggje seg opp. Eg kjem ikkje til å poste bikinibilete for å klare det, seier ho.

* Forkorting for «web-logg»

* Form for journal, der ein skribent (bloggar) jamleg legg ut innlegg på internett

* Finst i mange ulike stilar. Kan vere personlege, eller som ein fagpublikasjon innanfor eit spesielt felt

* Kan handle om eit bestemt tema, som mat, mote eller teknologi

* Lesarar kan kommentere innlegg og dele vidare på sine eigne bloggar

(Kjelde: Store norske leksikon)