Madrugada er tilbake, og skapte stemning på eit stappfullt Sundrehall i Ål.
Madrugada er tilbake, og skapte stemning på eit stappfullt Sundrehall i Ål.

Madrugada er tilbake - og det på Sundrehall!

Til stinn brakke vart Madrugada teken imot med jubel på Sundrehall.

Det er Sundreball på Ål. Og i fleire månader har arrangøren hypa opp den hemmelege hovudartisten. Fredag klokka kvart over ni vart det avslørt då Madrugada og vokalist Sivert Høyem entra scena.

Sundrehall - så Spektrum

På førehand gjekk spekukasjonane. Var det Big Bang? Var det a-ha? Var det Madrugada.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var det siste. Og Madrugada vart møtt av eit begeistra publikum då dei kom på scenen og gjorde sitt comeback etter ti år!

No ventar Oslo og Europa for bandet. Men fyrst vart det altså folkefest for nokre hundre på Sundrehall.

Stort band

Madrugada har bak seg ein karriere ikkje berre her til lands. I si storheitstid tidleg på 2000-talet var bandet også stort i utlandet, med over 400.000 selde album.

Eit stappfullt Sundrehall tek imot Madrugada.
Eit stappfullt Sundrehall tek imot Madrugada.

Bandet med kjernemedlemene Sivert Høyem, bassist Frode Jacobsen og gitarist Robert Burås vart lagt ned i 2008, året etter at Robert Burås døydde.

Comebacket

I juni 2018 fortalde Høyem og Jacobsen, samt tidlegare trommeslager Jon Lauvland Pettersen, at bandet oppstod att. Dei er klare for konsertar i Oslo Spektrum. Og deretter ventar storkonsertar rundt i Europa.

Men før det skjer oppstod dei altså på Sundrehall og Sundreball!