Det er store vindauge i kvar ende i toppetasjen i Embetsgarden. Men det er ikkje nok.

Må ta hol på taket?

Nesbyen-politikarane har fått eit delikat problem midt i fanget. Må ein ta hol på taket på den nye Embetsgarden?

— Dette kom overraskande, seier ordførar Tore Haraldset.

Nesbyen kommune har bygd Embetsgarden der tingretten og jordskifteretten er samla i moderne kontorlokale og med to store og moderne rettssalar. I tillegg er det ei rekkje kommunale kontor i nybygget. Men tredje etasje står tom. Den vart ikkje gjort ferdig - slik som planlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men det vart lagt til rette for kontor og møterom, seier kommunalsjef på teknisk sektor, Anders Halland.

Ordførar Tore Haraldset.

Treng meir lys

No vil politikarane likevel utnytte toppetasjen, og har sett av 6,7 millionar inklusive moms til å gjere ferdig heile etasjen. Her skal det bli kontor og ny kommunestyresal. Men så viser det seg at lysforholda på dei planlagde kontora ikkje tilfredsstiller krava. Det kan i ytste konsekvens resultere i at ein må ta hol på taket for å få meir lys inn i lokala gjennom fleire takvindauge.

— Me skal no få eit tilbod på kva det vil koste viss ein tek hol på taket slik at denne etasjen kan innreiast til ny kommunestyresal og åtte-ti kontor, seier Haraldset.

To storer glas i kvar ende av Embetsgarden gir ein super utsikt. Men lysforholda tilfredsstiller likevel ikkje krava.

Utfordring

Det er to store vindauge i begge ender av tredje etasje i Embetsgarden. Anders Halland seier at lysforholda i det som skal bli kommunestyresalen ikkje er noko problem. Det er krava til dagslys på kontorplassane - viss det det blir meir enn fire kontor - som er utfordrande.

Ordførar Haraldset seier at den noverande kommunestyresalen, som har vore i bruk sidan kommunehuset vart bygd tidleg på 60-talet, kan innreiast til kontor. Det er også ein del av den samla vurderinga som skal gjerast, seier han.

— Me må sjå på totalen, og vurdere om me skal vente eller ta hol på taket, seier Haraldset.

Politikarane avgjer

Då Embetsgarden vart bygd, var det aldri vurdert kva ein skulle gjere i tredje etasje. Det var ikkje ein del av vårt oppdrag, seier Halland.

Eitt alternativ er å bruke etasjen til kommunestyresal og fire kontor utan å ta hol på taket. Men då får ein ikkje utnytta heile etasjen, påpeikar Haraldset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er kommunestyret som skal avgjere om det skal avgjera kva som skal gjerast — eller om det ikkje skal gjerast noko.

— Eg håpar saka kjem opp i kommunestyret i aprilmøtet, seier Tore Haraldset.

.