Slik kan det kome til å sjå ut på nordsida av Hemsil, ein gong i framtida. Men det er etter at nokon har lagt i 160 millionar kroner til infrastruktur.
Slik kan det kome til å sjå ut på nordsida av Hemsil, ein gong i framtida. Men det er etter at nokon har lagt i 160 millionar kroner til infrastruktur.

Må skaffe finansiering

Kostnadene til infrastruktur som veg, bruer, parkering og gondol i Hemsedal kan bli på mellom 130 og 160 millionar kroner når alt er ferdig.

Totalprisen er ikkje nødvendigvis det verste. Bøygen er å skaffe dei første millionane.

– Det må ei større investering til for å kome i gang med utbygginga. Det er alltid bøygen, seier Odd Holde, leiar for hovudutval for plan og ressurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Infrastruktur for 160 mill.

For det er ikkje kommunen og politikarane som kan skaffe pengane. Det er grunneigarar, interessentar og investorar som må gjere det.

I arbeidet med områdeplanen for Trøym vest, som omfattar alle områda mellom dagens sentrum og Hemsedal Skisenter, har ein rekna ut kva for kostnader ein kan vente seg for å få bygd all nødvendig infrastruktur.

Estimatet skisserer ein stad mellom 130 og 160 millionar kroner. Det er då snakk om:

Alpinnedfarten er på plass, mens det framleis må skje mykje rundt Øya (i enden av nedfarten) for å knyte sentrum og skisenteret endå tettare saman.
Alpinnedfarten er på plass, mens det framleis må skje mykje rundt Øya (i enden av nedfarten) for å knyte sentrum og skisenteret endå tettare saman.

n Ny tofelts køyrebru i vest: 20–25 mill.

n Gangbru Bruhaug-Øya-sentrum: 7–9 mill.

n Avkøyring/kryss/rundkøyring Rv52: 17–20 mill.

n Parkering: 5–8 mill.

n Lokalveg/flaumsikring/gangveg: 35–40 mill.

Artikkelen held fram under annonsen.

n Grøntareal: 1–3 mill.

n Skiheis: 4–8 mill.

n Pulsgondol frå Øya: 40 mill.

I tillegg må campingplassen på Øya bli flytta. Kostnader til grunnkjøp og opparbeiding av området for ny arealbruk kjem i tillegg.

Avklaringar på trappene

Hovudutval for plan og ressurs hadde møte med sentrale grunneigarar 17. september.

Kommunen ville avklare kva som er dei viktigaste tiltaka områdeplanen Trøym vest må sikre gjennomført, ut over arealføremål på grunneigars grunn. Det handlar om kva som er nødvendig, kva for rekkjefølge det må bli bygd og kven som må ha ansvar for kva.

– Det vart ikkje avklara, men me fekk forklara utfordringane. Det er kommunen som har ansvaret for å få planen i hamn, men det skjer nok ikkje før ut i 2016, seier Holde som er klar på at det er det private næringslivet som må legge det meste av nødvendig kapital på bordet.

– Ikkje alt må på plass for å kome i gang, men både flaumsikring, grunnerverv, gangbru og ny avkøyring frå Rv52 må på plass alt i den første fasen, seier Holde. Ei gruppe er sett ned for å jobbe vidare med saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når heile området rundt på alle sider av Øya ein gong i framtida er bygd ut, vil det kunne vere lagt ned 160 millionar kroner i infrastruktur, etter dagens prisvurderingar.

Dette vil måtte bli finansiert gjennom den eigedomsutviklinga som skal skje i området. Det er planar både om heis frå sentrum, gondol og ulike næringsbygg eller aktivitetshus.