Frå 1. januar innførte Hol kommune eigedomsskatt på alle eigedommar. Ei undersøking gjort av Norges Hytteforbund viser at skattetaksten for hytter og heilårsbustader er lik.
Frå 1. januar innførte Hol kommune eigedomsskatt på alle eigedommar. Ei undersøking gjort av Norges Hytteforbund viser at skattetaksten for hytter og heilårsbustader er lik.

– Må rekne med eigedomsskatt

239 av landets kommunar har eigedomsskatt på alle eigedommar. – Greitt nok så lenge det er rettferdig, seier Norges Hytteforbund.

Men finanspolitisk talsmann i Norges Hytteforbund, Mathias B. Dannevig, er likevel klar på forbundets standpunkt:

– Norges Hytteforbund kan ikkje som interesseorganisasjon for hyttene vere for eigedomsskatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innfører eigedomsskatt

Dannevig har følgd utviklinga i Hallingdal dei siste åra.

Frå 1. januar i år innførte Hol eigedomsskatt på alle eigedommar. Og i forrige veke vedtok kommunestyra i både Flå og Ål å innføre eigedomsskatt på alle eigedommar. I Nes vart saka om å utvide eigedomsskatt til å gjelde heile kommunen lagt bort for sjette gong. Dannevig har forståing for at kommunar innfører eigedomsskatt.

– Me er realistar. Og det er uomtvisteleg at kommuneorganisasjonane har utgifter med fritidsbustadene. Og på ein eller annan måte må kommunar finne inntening på det. Det synest me er greitt nok, så lenge det er rettferdig og ikkje blir overdrive.

– Eigedomsskatt er greitt nok, så lenge det er rettferdig, seier han.
– Eigedomsskatt er greitt nok, så lenge det er rettferdig, seier han.

– Hytteforbundet protesterer ikkje?

– Me kan ikkje protestere for kvar ein pris. Verda ser ikkje slik ut. Dette er eit fenomen som blir vanleg.

Fordel utan?

I Nes, som er den nest største hyttekommunen i Hallingdal, har det av nei-partiet Høgre vorte peika på at ingen eigedomsskatt kan vere ein fordel kommunen kan tilby hyttefolket.

Flå-ordførar Tor Egil Buøen har svært liten tru på det argumentet. Han er ikkje redd Flå mistar hyttekjøparar til nabokommunen, eller at det blir mindre lokal handel no som eigedomsskatten blir innført.

– Når ein har ei hytte til 3–5 millionar, er 3000–4000 kroner i eigedomsskatt meir som ein gimmick, seier Buøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dannevig seier Nes Høgre kan ha eit poeng.

– Men det kjem an på korleis skatten er. Eg trur ikkje at ein forsiktig bruk av eigedomsskatt støyter vekk hyttefolk, så lenge det også rammar dei fastbuande i same grad, seier Dannevig.

Han meiner kommunar bør vere forsiktige med å reklamere med at dei ikkje har eigedomsskatt.

– Dette kjem an på det politiske regimet. Det er ikkje sikkert at det blir slik i framtida. Eigedomsskatt er noko eigarane av fritidsbustader må rekne med, seier Dannevig.

Reaksjonar

– Finst det eksempel på hyttefolk som har boikotta lokal handel som ein demonstrasjon mot eigedomsskatt?

– Me har sett slike reaksjonar, og har fleire gonger registrert at velforeiningar har reagert. Men me har aldri oppmuntra til det.

Dannevig seier det er ein viss toleranse for eigedomsskatt dersom det blir gjort med moderasjon.

– Men tek det av, og kommunane berre brukar skatten til å saldere budsjett, er det farleg over tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så hytteeigarar er ikkje nødvendigvis ekstreme motstandarar?

– Eg opplever at det er forståing for at kommunane må ta inn utgifter dei har på hyttefolket. Men me vil jo aldri som hytteforbund vere for eigedomsskatt, seier Dannevig.

Norges Hytteforbund meiner Ål og Flå må sjå til Hol for å lære om innføringa av eigedomsskatt.

Kommunestyra i Ål og Flå vedtok forrige veke å innføre eigedomsskatt.

– Dei bør snakke med Hol. Kommunen har gjort mykje rett, seier Mathias B. Dannevig.

Bakgrunnen er ei undersøking Norges Hytteforbund har gjort om takseringspraksis i kommunane Hol, Sigdal, Ringebu og Stranda. Hovudspørsmålet var om kommunane gav fritidsbustadene høgare skattetakst enn heilårsbustadene ut frå salsprisen. Akkurat det har nemleg vore saka i fleire kommunar.

I 2015 vart 332 eigedomssal, både hytter og bustadhus, i prisklassen 1–3 millionar kroner dokumentert i dei fire kommunane. Hol kom svært godt ut med eit gjennomsnittleg takseringsnivå på 55–60 prosent for begge kategoriane.

– Hol diskriminerer ikkje hyttefolket. Forarbeidet er godt, og kommunen har hatt rett motivasjon for å innføre eigedomsskatt. Den har ikkje vore å mjølke fritidsbustadene for pengar. Kommune har også lagt seg på eit rimeleg skattenivå, seier Dannevig.

Det betyr likevel ikkje at alle har korrekt takst, meiner Dannevig.

– Innanfor gruppene er det nokre som betalar for mykje og andre for lite. Men dei utliknar kvarandre. Me seier ikkje at alle har fått ein rettferdig takst. Men mellom fritidsbustadene og heilårsbustadene er det ingen diskriminering.