Etter 1. mai er det ikkje lenger mogleg å pante gamle biler på Grønneflåta avfallsmottak i Uvdal. Då må du til Kongsberg eller Gol.
Etter 1. mai er det ikkje lenger mogleg å pante gamle biler på Grønneflåta avfallsmottak i Uvdal. Då må du til Kongsberg eller Gol.

Må legge ned

– Me får ikkje inn nok bilar til at det er økonomisk forsvarleg å drive vidare.

Det seier Stian Bekkeseth, dagleg leiar i Bekkeseth AS, som driv Grønneflåta avfallsstasjon på vegner av Nore og Uvdal kommune, i tillegg til biloppsamlinga i privat regi inne på området.

Ei veke att

Pantebilmottaket i Uvdal blir drive fram til 1. mai, men då er det slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er årsaka?

– Det kostar å drive etter lovane og reglane som er sett av fylkesmannen. Når me ikkje får inn fleire bilar, får me ikkje investert og drive mottaket på ein ordentleg måte, fortel han.

Får ikkje inn nok bilar

Avfallstasjonen får inn mellom 100 til 150 bilar til pant i året. På det meste har det vore opp i kring 250 bilar, men då i samband med store aksjonar.

Blir lenger å reise

Næraste pantebilmottak bli då på Gol eller i Kongsberg.

– Eg tykkjer ikkje det er noko moro å måtte slutte, då det blir langt å reise for å levere bilane. Me fryktar nok at det vil føre til at fleire vrak blir ståande rundt om. Likevel vil me tilby transport eller eventuelt utleige av hengar for å få bilar som ikkje startar lenger til eit anna mottak, seier Bekkeseth.

Nesten 40 år

Pantebilmottaket i Uvdal vart starta opp like etter ordninga med vrakpant vart innført i Norge seint på 1970-talet, for å sikre tilfredsstillande innsamling og handsaming av utrangerte bilar.

Bekkeseth AS tek framleis imot bilar og maskiner utan pant.