Illustrasjons
Illustrasjons

- Må berre ta det med ro

Kraftig vind sørgar for stengde fjellovergangar første nyttårsdag.

Det er 1. januar, jula er over og onsdag er det vanleg kvardag att. Det betyr som oftast at mange skal heim frå både ferie og hytte på same tid, og det kan bli mykje trafikk utover dagen. 

Nyttårsaftan vart farevarselet for kraftig vind i Buskerud justert opp til oransje nivå, og det blåser godt på den første dagen av 2019. Ved 12-tida i dag var status for fjellovergangar slik: 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Riksveg 7 over Hardangervidda: Stengt

- Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Stengt

- Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring. 

- Foreløpig klarar det seg med kolonne over Hemsedalsfjellet, men det kan bli stengt der også, seier Anniken Island ved Vegtrafikksentralen. 

Trass i vinden har ikkje vegtrafikksentralen fått særleg mange meldingar om glatte vegar. 

- Berre hist og pist. Me har ikkje fått mange klagar på det i dag. 

Island seier dei er usikre på kor stor trafikken heim frå fjellet vil vere i dag, men har ei oppfordring: 

- Det pleier jo å bli kø på slike heimfartsdagar. Det er ikkje anna å gjere enn å ta det med ro - eller finne alternative vegar.