Ingen har gått i fakkeltog for meir gatelys på Tuv, men snart går ein likevel lysare tider i møte der. (Arkivfoto)
Ingen har gått i fakkeltog for meir gatelys på Tuv, men snart går ein likevel lysare tider i møte der. (Arkivfoto)

Lys på Tuv står øvst på ønskjelista

Slik ser lista ut over dei prioriterte tiltaka på veg i Hemsedal i året som kjem.

Manglande lys og merking av skuleveg har skapt farlege situasjonar fleire stader i Hemsedal. No er tiltaksdelen av trafikktryggleiksplanen under behandling og formannskapet har sett opp si prioriteringsliste for å hjelpe på problema. Slik ser forslaget ut:

1. To lyktestolpar omkring haldeplass ved Tuv skule. Inkludert graving er kostnaden 30.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

2: Utbetring av tre fartshumpar i Grøndalsvegen. Estimert kostnad 90.000.

3: To nye fartshumpar i Stupulvegen, for å redusere farten til bilistane ned mot sentrum. Estimert kostnad 60.000.

4: Merking og skilting av skuleveg i Kyrkjebøvegen, frå Elmas Kafe og over til Skogstad, samt frå det nye turistkontoret til Gamle smia. Det er ønska ei trafikkfagleg vurdering gjennom Trafikkanalysen knytt til områdeplan Trøim sentrum. Estimert kostnad 20.000.

Av dei såkalla «trafikantretta tiltaka» vil ein prioritere å drive meir haldningsskapande arbeid blant anna for bruk av refleks, og transport til og frå trening/kampar/renn m.m. Estimert kostnad 15.000 kroner.

Det er kommunestyret som avgjer endeleg prioriteringsliste. Det skjer først 4. desember.