Terje Tørrisplass i sitt rette element, ute i skogen. Der hentar han inspirasjon. (Arkivfoto)
Terje Tørrisplass i sitt rette element, ute i skogen. Der hentar han inspirasjon. (Arkivfoto)

Lyrikar i godt selskap

Dikta til lyrikaren frå skogen har vekt begeistring – endå ein gong.

Skogsarbeidaren frå Bromma har gitt ut to diktsamlingar.

Naturen er nærverande i dikta til Terje Tørrisplass. Det er som om grankvistene skjer seg gjennom boksidene, det er dikt til ettertanke.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har tre av dikta hans fått plass mellom permane i jubileumsboka som er gitt ut i samband med 100 årsjubileet til Norges Naturvernforbund.

– Overraska

– Eg kjende ikkje til han frå før. Det er mange som produserer gullkorn rundt omkring. Eg vart gledeleg overraska, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

– Kvifor Tørrisplass?

Terje Tørrisplass er aktuell i jubileumsbok. (Arkivfoto(
Terje Tørrisplass er aktuell i jubileumsbok. (Arkivfoto(

– Han arbeider i skogen og er nær naturen, og han kombinerer natur og kultur, seier Haltbrekken.

– Det er berre menneska som sviktar naturen. Til meir me øydelegg den, til trongare kår får kulturen når det gjeld å hente inspirasjon frå naturen. Me er begeistra for det han leverte.

Noko av ideen med denne boka har vore å gå til kulturen for å forklare naturen. Altså til dei som skriv om naturen og dei som fotograferer den.

Fleire store

Terje Tørrisplass debuterte i 2010 med diktsamlinga «Eg bygger ikkje byar», og han følgde opp med ei ny diktsamling i 2013, «Glenne».

I jubileumsboka til Naturvernforbundet, «Naturen sviktar aldri», er han i selskap med nokre av dei beste namna i den norske bokheimen. Lars Saabye Christensen, Hans Børli og Nils Aslak Valkeapàà er blant dei som er representerte i boka. Førsteopplaget er på 3000 eksemplar.